13.03: Flaskeinnsamling Selje IL mandag 26. mars

Postet av Selje IL - Fotball den 13. Mar 2007

Barne- og Ungdomsgruppa melder at det vert innsamling av tomflasker mandag 26.mars kl.18.00-20.00. Ta godt i mot spelarar og foreldre som kjem rundt på husa og hentar tomflasker. Nytt høvet til å få levert tomflasker, samtidig som du støttar Selje Idrettslag sitt gode arbeid for barn og unge.

TIL FORELDRE OG SPELARAR

I SELJE IDRETTSLAG

 

 

Vi vil no prøve noko nytt, innsamling av tomflasker, i staden for alle kakelotteria. Dette har gjeve gode resultat i andre idrettslag i nærleiken.

 

Dette har vi lagt til: mandag 26.mars kl.18.00-20.00

 

Vi treng foreldre med bil, som kan køyre spelarane rundt på inndelte ruter. Flaskene skal leverast på COOP. Der vil det vere folk frå B/U-gruppa som tek i mot flaskene frå kl. 18.00-20.00.

 

Vi legg ved oversikt over rutene der oppgåvene er fordelt. Er det nokon det ikkje passar for, ber vi om at de skaffar andre til å gjere jobben.

 

Det ligg ved legitimasjonskort som spelarane skal vise fram under innsamlinga.

 

NB! Legitimasjonskorta skal innleverast til B/U-gruppa saman med flaskene.

 

 

Med helsing

Barne- og Ungdomsgruppa i Selje IL


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.