Gåvemidlar til flomlysanlegg

Postet av Selje IL - Fotball den 22. Jan 2025

Mandag kveld arrangerte Vestland Idrettskrets og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gåveutdeling i høve prosjekt "Straumsmarte idrettsanlegg". Samlinga var på Sandane der mottakarar av midlar deltok. 

Selje IL takkar Vestland Idrettskrets / Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane for gåvesjekk på 154.900 til nytt flomlysanlegg på stadion. (foto: Stig Roger Eide)

Anlegget vart bygd i 2003 i samband med etablering av kunstgrasbane: 6 lysmaster med 5 lyskastarar a 1000W. Det har vore mange rundar opp gjennom åra med utskifting av lyspærer og vedlikehald av anlegget. Høgt straumforbruk, dårleg lyskvalitet og eit utslitt anlegg gjorde at tida var komt for rehabilitering. Selje IL fekk utarbeida tilstandsrapport frå el.firma hausten 2023. Konklusjonen var at lysanlegget må skiftast ut. Selje IL gjorde så vedtak om rehabilitering lysanlegg og sende inn spelemiddelsøknad.

Selje IL søkte så støtte til tiltaket frå prosjekt «Straumsmarte idrettsanlegg». Når søknaden vart innvilga er det ei svært god hjelp for å finansiere anlegget. I tillegg vil det etter kvart komme spelemidlar og mva.refusjon.

Led-lys armaturar og lysstyring er kjøpt inn. Avtale om montering er inngått med Sætren Installasjon AS. Arbeidet blir etter planen utført i løpet av eit par veker. 

Vi gledar oss til nytt lysanlegg på Selje Idrettspark.