SPORTSPLAN 2025-2026 Selje IL-fotball
Postet av Selje IL - Fotball den 16. Nov 2024
Selje IL-fotball har i samband med kvalitetsklubb-prosjektet utarbeida ein ny Sportsplan for 2025-2026.
Sportsplanen skal vere retningsgjevande og forpliktande for alle som deltek i klubben sitt arbeid. Sportsplanen er ei vidareutvikling av klubben sin tidlegare plan. Sportsplanen er utarbeida med bakgrunn i NFF sine retningslinjer, og skal tilfredsstille krava som stillast for Kvalitetsklubb nivå 1.
Sportsplanen skal vere tilgjengeleg på klubben si nettside. Den skal vere eit levande dokument som vert nytta av alle i klubben. Vi ynskjer deg lukke til i arbeidet, og takkar for jobben du gjer for Selje IL.
Trykk på linken under for å komme til Sportsplanen....
Ingeborg og Ellinor uttekne til eliteturnering
Postet av Selje IL - Fotball den 28. Sep 2024
Ingeborg Aam Hamre og Ellinor Hansen Nerland er uttekne som dommarar til eliteturnering på Hamar 4.-6.oktober. Selje IL, fotball gratulerer.
Sjå sak på fotballkretsen si nettside: Dommarjenter til Torshov Elite Cup - Norges Fotballforbund
6.div. menn: Selje-Hyen tys.11.06, kl.19.45
Postet av Selje IL - Fotball den 29. Apr 2024
Velkommen på kamp!
Kampar Selje IL, vårsesong 2024
Postet av Selje IL - Fotball den 20. Mar 2024
Link til alle kampar lag Selje IL, seriespel VÅR-SESONG 2024:
6.div. menn Selje
6.divisjon avd 4 2024 - Norges Fotballforbund
3.div. kvinner Selje/Åheim
3.divisjon kvinner avd 2 vår 2024 - Norges Fotballforbund
J11 Selje
J11 avd 3 2024 - Norges Fotballforbund
J13/14 Selje/Stadlandet
J 13/14 9ar avd 3 2024 - Norges Fotballforbund
J15/17 Selje
J 15/17 avd 3 vår 2024 - Norges Fotballforbund
G10 Selje
G10 avd 6 2024 - Norges Fotballforbund
G12 Stadlandet/Selje
G12 avd 4 2024 - Norges Fotballforbund
G13/14 Selje/Stadlandet
G13/14 9ar avd 3 vår 2024 - Norges Fotballforbund
G15/17
Stadlandet/Selje/Åheim
Invitasjon og påmelding Seljecup 2024, 14.-16.juni
Postet av Selje IL - Fotball den 8. Mar 2024
SELJECUP 2024, 14.-16.juni: Selje Idrettslag har igjen gleda av å ynskje velkommen til Seljecup. Vår tradisjonsrike og populære cup blir i år arrangert for 28.gong. Vi kan sjå tilbake på ei svært vellukka cuphelg i 2023 med rekorddeltaking og heile 161 lag, og mange gode tilbakemeldingar frå fornøgde lag/klubbar som deltok.
Vi har gleda av å invitere alle til ei ny flott cuphelg i Selje 14.-16.juni.
Det løner seg å vere tidleg ute med påmelding, då pågangen spesielt i høve overnatting (C-kort) brukar å vere stor, "først til mølla" gjeld.
Vi ynskjer alle velkommen til Seljecup 2024!
Påmelding, trykk på linken under:
https://www.profixio.com/app/seljecup-2024
Klasser 10-17år: Har åpna for påmelding, sjå link over! Påmeldingsfrist 25.april. Hugs bestill A- eller C-kort ved påmelding. Påmeldingsavgift må betalast før laget er registrert.
Klasser 6-9år "Kongleriket": "Kongleriket" miniputt-turnering avsluttar årets Seljecup og blir arrangert søndag 16.juni frå ca. kl.14.00-18.00. Eigen invitasjon vert sendt ut til klubbar/lag ca. 1.mai. Cupen er gratis for alle lag påmeldt NFF Sogn og Fjordane, avd. Nordfjord 2. Meir info. om Seljecup, sjå cupens heimeside. Påmeldingsfrist "Kongleriket": innan mandag 20.mai