4.div. kvinner: Utmerkingar 2026

Postet av Selje IL - Fotball den 19. nov 2026

4.div. kvinner: Utmerkingar 2026

Selje IL, fotball hadde årsfest for seniorlaga i helga. Damelaget enda på ein sterk 4.plass i 4.div. etter ein god sesong. Under kan du sjå kva for spelarar som fekk utmerkingar.

Desse spelarane fekk utmerking på årsfesten: 

                                               Årets spelar og toppscorar: Kaja Berge


                                            Årets FairPlay-spelar og treningstopp: Sofie Hove


                                                     Årets unge spelar: Norah Vårdal





5.div. menn: Utmerkingar 2026

Postet av Selje IL - Fotball den 19. nov 2026

5.div. menn Selje IL: Utmerkingar 2026  

Selje IL, fotball hadde årsfest for senior sist helg.  A-laget har hatt ein god sesong med 5.plass etter comeback i 5.div.

Under kan du sjå kva for spelarar som fekk utmerkingar.

Desse spelarane fekk utmerking på årsfesten:

                                                   Årets spelar: Oliver Kupen Skårbø


                                              Årets FairPlay-spelar: Joachim Lunde Træet


                                    Årets toppscorar og treningstopp: Kristoffer Rundereim


                                               Årets unge spelar: Daniel Kjær von Bonsdorff






Grasrottrenar UEFA C, delkurs 3

Postet av Selje IL - Fotball den 8. nov 2026

I samarbeid med NFF Sogn og Fjordane har Selje IL arrangert Grasrottrenarkurs UEFA C delkurs 3 (Mot ungdom - lengst mogeleg) i Selje over 3 kurskveldar. 10 deltakarar deltok, kursleiar Erling Åbø.

Grasrot UEFA C delkurs 4 tek ein sikte på å arrangere over nyttår.





Årsfestar

Postet av Selje IL - Fotball den 8. nov 2026

Det er tid for avslutning av sesongen og gje velfortent heider til spelarar, trenarar, lagleiarar og andre frivillege:

* Årsfest senior, A-lag og damelag, lørdag 14.11 kl.18.00 på klubbhuset.

* Årsfest aldersfastlagde lag torsdag 26.11 frå kl.17.30 på klubbhuset. Invitasjon vert snart sendt ut.





Selje spelar kvalifisering til NM menn 2028

Postet av Selje IL - Fotball den 7. nov 2026

16 lag frå Sogn og Fjordane spele i kvalifisering til NM menn 2028. Av desse er dei 4 beste laga i 5.div. 2026: Vik, Askvoll, Syril, Selje. Det blir spelt to kvalifiseringsrundar, og ein runde med to Playoff-kampar. Dei to vinnarane av Playoff-kampane er i lag med Sogndal kvalifisert til 1. runde NM 2028.Det betyr at Sogn og Fjordane får med tre lag i 1. runde NM menn 2028.

1. kvalifiseringsrunde er terminfesta til laurdag 13. mars, medan 2. kvalifiseringsrunde er terminfesta til laurdag 3. april.

                                                                                                        Foto: www.haugenfotball.no

Laga som skal spele kvalifisering ti NM menn 2028:
Førde

Fjøra

Stryn

Eid

Høyang

Florø

Årdal

Jølster

Kaupanger

Sandane

Dale

Måløy

Vik

Askvoll

Syril

Selje

Sogndal er direkte kvalifisert til 1. runde NM menn 2028.