28.05: Firdaligaen: Selje-Florø laurdag kl.15.00

Postet av Selje IL - Fotball den 28. Mai 2008

På laurdag 31.mai kl.15.00 er det klart for ny heimekamp i Firdaligaen, når Florø kjem på besøk. Selje gjekk på eit stortap 7-0 sist helg mot serieleiar Førde. No ventar ein ny sterk motstander, som ligg på andre plass på tabellen. Florø har i dei to siste kampane vunne både mot Førde og Sogndal 2.  

Etter ein god start av sesongen, har poengfangsten vorte mager for Selje dei siste vekene. Laget har hatt problem den siste tida med å mønstre sitt sterkaste mannskap, pga. jobb, eksamen, karantene og sjukdom. Dette er noko som ein har vore førebudd på ville oppstå, men som like fullt er ei av dei store utfordringane ein har på små plassar som Selje.

Men det har på same tid gitt nye spelarar sjansen å få prøve seg. Sist helg spelte m.a. to gutespelarar frå start: Joachim Refvik spelte sin andre kamp for sesongen. Aleksander Kvernevik debuterte i seriekamp, og begge gjorde ein god innsats.

Selje står framleis med 5 poeng. Skal Selje ha håp om poeng i kampen mot Florø, må laget spele opp mot sitt beste. Men Selje har vist før, spesielt på heimebane, at alt er mogeleg...... Så sjølv om Florø må finne seg i favorittstempelet, så er ballen heldigvis framleis rund...... Vel møtt til kamp på Selje Idrettspark!  


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.