09.04: Barnefotballkveld i Selje onsdag 13.april

Postet av Selje IL - Fotball den 9. Apr 2011

Selje IL, i samarbeid med Sogn og Fjordane Fotballkrets, inviterar til Barnefotballkveld i Selje onsdag 13.april kl.18-20. Info. og program osv., sjå under.....

 


Barnefotballkveld i Selje

ONSDAG 13.april 2011

I samarbeid med Sogn og Fjordane Fotballkrets arrangerar Selje IL- Fotball:

Barnefotballkveld onsdag 13.april, kl.18.00-20.00

Invitasjonen går til alle, trenarar/oppmenn og evt. andre i klubben. Spesielt fokus på klassane 6 - 12 år.

Flatraket IL og Stadlandet IL vert også inviterte.

SFFK/NFF vedtok i 2010 å gjennomføre eit ”løft” for barnefotballen. I den samanheng vil Sogn og Fjordane Fotballkrets ut i alle kommunar i fylket og gjennomføre ein barnefotballkveld der m.a.: organisering, innhald, treningsmengde i barnefotballen står i fokus. Selje IL arrangerte barnefotballkveld også i april i 2010.

Dette vert ein kveld med både teori og praksis. Ein startar med teoridelen før ein går på bana og køyrer ei praksisøkt med lillegut (G11 og G12) spelarar som objekt. SFFK stiller med instruktør, og arrangørklubbane stiller med teorirom og bane til praksisen.

Program:

1. Teoriøkt i klubbhuset

2. Trening/praksis på bana

3. Oppsummering/avslutning i klubbhuset

Instruktør: Eivind Heggen, Eid IL

Selje IL har i 2011 svært stor aktivitet, med lag i samtlege klasser, både gutar og jenter frå 7-16 år.

I alt 6 minilag er påmeldt miniputt-turneringane. 7 aldersfastlagde lag i seriespel. Nytt i år er seriespel for G9/G10 og J9/J10, her har Selje meldt på 1 lag i kvar klasse.

Påmelding til seljeil@online.no eller tlf. 99247687

innan 12. april

Vi håpar på stor oppslutning på barnefotballkvelden også i år! Velkommen!

Selje 08.04.11         for Selje IL, Fotball

                            Atle Solheim


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.