Rekorddeltaking, men dårleg vær på Tine Fotballskule
Postet av Selje IL - Fotball den 12. Sep 2015

(Foto: Stig Høines)
Selje IL arrangerte den 11.utgåva av Tine-Fotballskule med heile 103 deltakarar. Fredag kveld gjekk arrangementet som planlagt, trass i ein del nedbør. Men laurdag opna "himmelens sluser seg" for alvor, og ein måtte avslutte fotballskulen knapt halvveis. Spelarane fekk då lunch og premie i klubbhuset. Selje IL satsar på å ta igjen siste del av fotballskulen seinare. På laurdag hadde vi besøk frå SFFK, Evy M. Rossetvik frå sektor arrangement og FairPlay. Vi takkar spelarar og trenarar for god innsats!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Selje-Stryn fre. 08.05 kl.19.00
06.05.2026
Selje-Askvoll/Holmedal: lør. 2.mai kl.14.00
02.05.2026
Lør. 02.05 kl.14.00, Selje-Askvoll/Holmedal
02.05.2026
Selje-Måløy fre. 24.04 kl.19.00
22.04.2026
Selje-Syril, lør.25.04 kl.15.00
22.04.2026
Klubbside på sport1.no
22.04.2026