Frode Nøstdal

Postet av Selje IL - Fotball den 17. Feb 2007

Frode er ein av dei eldste spelarane i troppen, men alder er som som kjent ingen hindring. Frode har ei lang og suksessfull karriere bak seg. Der han blant anna var fast innventar på Stryn si midtbane i fleire sesongar, og vart kåra til Årets Spelar fleire gangar. Frode er ein viktig person i miljøet i Selje, og er ein flott figur for dei unge spelerane i klubben. Fotballforståelse og vinnervilje er nokre av hannas sterkaste sider. Vi håpar å sjå Frode i flott driv frå sin midtbane posisjon også i årets sesong.

 

Namn: Frode Nøstdal

 

Født: 10.januar 1962

 

Sivilstatus: Gift

 

Yrke: Offshore arbeider

 

Høgde: 180cm

 

Vekt: 73kg

 

Posisjon: Midtbane

 

Kva forventningar har du til Selje i årets sesong: Ingen spesielle forventningar. Ta ein kamp i gangen og så får vi summere opp til slutt.

 

Kva plass havnar vi på: 4 – 5.plass

 

Beste fotballminne: Då eg spelte for Stryn i 2.divisjon.

 

Verste fotballminne: Ingen spesielle dårlege minner.

 

Det beste med å spele for Selje: De sosiale og det å være med i ein god kameratgjeng.

 

Ellers nåke du vil sei til Selje Online sine lesarar:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Alle foto: ©Stig Høynes, www.haugenfotball.no


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.