19.08 Flott fyrstedag på Tine Fotballskule
Postet av Selje IL - Fotball den 19. Aug 2006
I dag har fyrste dag av årets Tine Fotballskule gått av stabelen, i strålande ver i Selje Idrettspark. Rundt 110 barn og unge har delteke. Intruktørar var a-lagsspelarar og trenarar i Selje IL. Deltakarane fekk både ei økt med teknisk trening, og ei økt med spel, der alle vart delt inn på forskjellige lag med namn etter ei rekkje toppklubbar i Europa. Deltakarane fekk også servert ein velsmakande lunch. I tillegg gjekk det unna med is og brus i kiosken.
I morgon er det andre dag,vel møtt!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball

Fredag 17.10,kl.19: Selje/Åheim-Sogndal 1
13.10.2025

Flott Tine fotballskule!
18.09.2025

3.div. kvinner Selje/Åheim
18.09.2025

Selje vann 6.div avd.4
18.09.2025