04.01: Stortap mot Sogndal

Postet av Selje IL - Fotball den 4. Jan 2007

Selje tapte heile 9-0 i den fyrste av KM-finalane i junior vinterserien.

Stillinga ved pause var 3-0 til Sogndal. Kampen vart spelt onsdag kveld i Sognahallen.

Selje fekk som venta ei tøff oppgåve i bortekampen mot Sogndal. Sogndal mønstra eit sterkt lag til kampen og var betre enn Selje i det meste, med stor bevegelse og kjapt og presist pasningsspel. Når det er sagt gjorde Seljelaget dei unødvendig gode i periodar av kampen. Laget greidde ikkje å halde oppe aggressiviteten og jobbinga som har prega laget i dei tidlegare kampane i vinterserien. Når vi i tillegg periodevis fekk strekk i laget og ikkje var tøffe nok innanfor eigen 16 meter, så måtte det bli ein del baklengsmål.

Selje hang godt med i deler av kampen, og stillinga var berre 1-0 til Sogndal etter 40 min. I periodar der Selje ikkje hang med, førte det til kjappe Sogndalscoringar, tre før pause og seks scoringar i 2. omgang. Få av Seljespelarane spelte opp mot sitt beste, juleferien sat nok i framleis.......

Selje noterte seg også for 4-5 gode målsjansar. Både Karl Erik Aarsheim Ole Andreas Solheim og Anders Rekdal var nær utteljing.

Uansettt har gutane gjort ein kjempeinnsats i vinterserien, og det er rein bonus å få spele sluttspelkampar. No er det berre å brette opp ermane til heimekamp på laurdag kl. 13.00 mot Høyang.

Det vart ein lang dag på onsdag og vi er misfornøgde med at kretsen set opp midtvekekamp når reisa er så lang. Med avreise i Selje kl. 14.00-14.30 og heime igjen nærare kl 01.00 om natta vert i tøffaste laget når både spelarar og ein del leiarar må ta fri frå jobb for å kunne reise. For fleire av spelarane reiste dei på skule onsdag morgon kl. 7.00.

Dette er kritikkverdig av kretsen, all den tid Selje i god tid før kampoppsettet vart gjort ga melding om at vi ynskte å spele helg p.g.a lange reiseavstandar og vinter med fare for glatte vegar.

Seljes startoppstilling: Andreas Kvernevik, Trond Eirik Kupen, Martin Hove, Rikard Rekdal, Sindre Jørgensen, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Per Egil Flataker, Karl Erik Aarsheim, Endre Kupen, Håvard Nyheim.

Innbyttarar: Vidar Hagen, Runar Aarsheim, Thomas Jørgensen, Tor Are Årvik, Kai Sindre Moldestad, Anders D. Rekdal.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.