06.01: Selje vann 3-2 mot Høyang

Postet av Selje IL - Fotball den 6. Jan 2007

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

                           (Alle foto: Stig Høynes, Haugen Fotball)

Selje reiste seg mesterleg etter stortapet mot Sogndal tidlegare i veka. I den andre KM-finalen i dag mot Høyang, var juniorlaget tilbake på vinnarsporet og vann 3-2 etter 1-1 ved pause. 

Det vart ein tett og jamn kamp på Selje Idrettspark i dag. Høyang noterte seg for dei par fyrste målsjansane i kampen, men det var Selje som scora fyrst på ei flott kontring. Selje braut eit angrep og ballen vart spelt langt fram på kanten til Endre Kupen. Heile Høyangerforsvaret trekte over mot Kupen, som såg Karl-Erik Aarsheim kom på løp. Tversoverpasninga nådde "Kalle" som med eitt hadde åpen veg mot mål. Han scora sikkert og dermed 1-0 til Selje etter 25 min.

Resten av omgangen var det få sjansar til nokon av laga. Men 1 min. på overtid scora Høyang etter ein corner, der Alexander Øren sette ballen i hjørnet på ein retur. Dermed 1-1 til pause.

Selje kom best i gong i 2. omgang og løfta seg endå eit hakk frå fyrste omgangen. Etter 11 minutt heada Rikard Rekdal i stolpen etter corner. I mølja framfor mål, set Seljekaptein "Kalle" Aarsheim inn sitt andre mål for dagen og 2-1 til Selje. Etter 23 minutt får Selje frispark litt skrått utanfor 16 meteren. Endre Kupen viser igjen at han er farleg på frispark. Ballen blir løfta opp, og skrensar innom Høyangmuren før den går inn i mål. 3-1 til Selje.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Høyang er no nødt til å satse endå meir framover og set Selje periodevis under press. Men det blir med den eine scoringa dei får etter 33 minutt. Igjen er det Alexander Øren som er sist på ballen.

Spenninga i kampen held seg heilt inn. Seljeforsvaret og resten av laget jobba heroisk og klarte å halde unna. Det vart ein lang 2. omgang, som varte i heile 51 minutt. Men endeleg bles dommaren i fløyta, og Selje kunne sleppe jubelen laus.   

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Også i dag var det ein skikkeleg lagsiger, der laget igjen viser stor vilje til å vinne. Visst nokon enkeltspelarar skal trekkast fram i dag, må det bli Seljekaptein "Kalle" Aarsheim som scora to mål og spelte ein svært god kamp. Ein flott avskjed for "Kalle", som neste sesong er utlånt til Eid. 

Seljes startoppstilling: Andreas Kvernevik, Trond Eirik Kupen, Martin Hove, Rikard Rekdal, Sindre Jørgensen, Per Egil Flataker, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Endre Kupen, Håvard Nyheim, Karl Erik Aarsheim. Innbyttarar: Runar Aarsheim, Anders D. Rekdal, Vidar Hagen, Thomas Jørgensen, Tor Are Årvik, Kai Sindre Moldestad.

Vi gratulerer igjen Seljes juniorlag med ein kjempeinnsats i årets vinterserie!

 

 

   


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.