20.02: MVS kombinerer fotball med vidaregåande utdanning

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Feb 2007

Måløy vidaregåande skule (MVS) vil frå hausten 2007 tilby valfritt programfag fotball, der skulen vil legge forholda til rette for dei som ynskjer å kombinere utdanning og med å utvikle seg som fotballspelarar. Kontaktperson MVS er Ola Hove. Les meir under.......

KOMBINERT SATSING  PÅ FOTBALL MED VIDAREGÅANDE UTDANNING VED MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE.

 

 

Måløy vidaregåande skule vil frå hausten 2007 tilby valfritt programfag i fotball, der skulen vil legge forholda til rette for dei som ynskjer å kombinere utdanning og med å utvikle seg som fotballspelarar. Den nye læreplanen etter kunnskapsløftet opnar for at ein kan hente valfrie programfag frå andre studieretningar, og dette er eit programfag henta frå idrettsfag.

 

 

KVA FÅR DU VED Å VELGE PROGRAMFAG FOTBALL.

 

-         kombinasjon av utdanning og satsing på fotball

-         4 timar fotballspesifikk trening i skuletida pr.veke

-         trening på føremiddag, slik at du kan trene 2 økter pr.dag

-         kvalifiserte trenarkrefte

-         god oppfølging

      -     gode muligheter for egentrening

 

GODE TRENINGSTILHØVE.

 

 

      -     trening i Nordfjordhallen 70 X 40 m innendørshall med kunstgras.

-         godt utstyrt styrketreningsrom

-         fleirbrukshall

-         klatrevegg

 

 

MILJØ

 

 

-         eit godt og sosialt treningsmiljø

-         eit positivt og innkluderande skulemiljø

 

 

PROFILAR SOM  HAR KOMBINERT FOTBALL OG VIDAREGÅANDE OPPLÆRING VED SKULEN:

 

-         Erlend Nygård Kvalheim, Sogndal

-         Peter Orry Larsen Ålesund fotballklubb

-         Rune Solvang,  Fana

 

I tilleg har mange av spelarane på TMFK, Skavøypoll og Selje sine A-lag kombinert fotball og utdanning ved MVS.

 

 

KONTAKTINFORMASJON

 

For meir informasjon kontakt: Måløy Vidaregåande skule v/Ola Hove 57849116/ 90206998

                          


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.