24.02: Årets fyrste siger

Postet av Selje IL - Fotball den 24. Feb 2007

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Selje - Hornindal 3 - 1. Årets fyrste Selje siger kom i dag. Selje sine mål vart skora av Håvard Nyheim og Ken Olav Kupen.

For kampreferat og fakta, trykk på les hele saken.

Foto: ©Stig Høynes. Sjå også www.haugenfotball.no

 

Kampfakta:

 

Selje - Hornindal 3 - 1 (0-1)

 

Målskorarar:

 

Hornindal: Marius Grodås, 42min

 

Selje: Håvard Nyheim(2)57.min, 59min, Ken Olav Kupen, 71min

 

 

Startoppstilling Selje:

Tom-Øyvind Solheim, Andre Kupen, Kristoffer Hove, Espen Nøstdal, Gaute Otnes, Frode Nøstdal, Kennet Honningsvåg, Jon Aage Riksfjord, Endre Kupen, Werner Kupen, Ken Olav Kupen.

 

Innbyttarar: Anders Rekdal, Martin Hove, Håvard Nyheim

 

Startoppstilling Hornindal:

Sondre Grodås, Jørn Ove Rindal, Kristian Brynestad, Lars Ove Rake, Sindre Fannemel, Marius Grodås, Håvard Sollid, Ole Kristian Nygård, Jan Azar Karadas, Erlend Nordnes, Terje Haugen Øye

 

Innbyttarane: Kjetil Svarstad, Tarjei Lødøen, Morten Taraldset, Martin Seljeseth, Anders Elling Kristensen

 

Selje starta kampen best og tok iniativet frå start av og styrte bra dei fyrste 20min. Allerede etter dei fyrste 20min hadde vi 3skudd som gikk i treverket. Etter dette vart det litt slurv frå Selje si side og dermed slapp vi Hornindal meir inn i kampen. I denne perioden spelte Hornindal god fotball. I det 42.min sett strynespelar Marius Grodås inn eit frispark frå 16meteren, etter at ballen sneik seg mellom nokre bein i Seljemuren. Sjølv om Selje hadde mange sjansar i 1.omg går laga til pause med, 1 - 0 til Hornindal.

 

2.omg. Etter pause var det Selje som tok iniativet. Og 2.omg var fantastisk bra av Selje, etter ein litt slakk 1.omg. Vi produserte mange sjansar men vi klarte ikkje å gjere om sjansane til mål før i de 57.min, då Håvard Nyheim dukka opp og dunka ballen bak ein sjanselaus Sondre Grodås. Snaut 2min etter var Nyheim frampå igjen og skorte dagens andre. Vi styrte de meste, sjølv om Hornindal var farleg frampå 2-3gangar, men sjansane vart redda av keeper Tom-Øyvind Solheim.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I de 71.min skorte Ken Olav Kupen og etter dette dabba kampen ut.

 

I alt ein bra kamp, der vi hadde ein veldig god og ein litt dårlegare omgang. Kjekt å vinne og rette opp inntrykket frå forrige helg. Hornindal var bra med i periodar av kampen, men det var ikkje tvil om kva sigeren ville gå hen i 2.omg.

 

No er det ei helg pause før vi reiser på treningshelg til Ålesund 9.mars.

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.