23.06: Selje tapte toppkampen mot Skavøypoll

Postet av Selje IL - Fotball den 23. Jun 2007

Selje tapte 0-4 på heimebane i dag mot Skavøypoll i toppkampen i 4.div.  Stillinga ved pause var 0-2.

Skavøypoll opna best om kom i føringa alt i det 9 minutt,  etter scoring av Torstein Rutledal. 0-2 kom etter 41 min ved Stian Åmelfot.

Skavøypoll var klart best, og Selje var med på notane berre i periodar av kampen. Bra Seljeperiode i starten av 2.omgang, men utteljinga kom ikkje. Då gjekk det som det ofte går i fotball. Motstandaren scorar. Børge Yndestad sette inn 0-3 til Skavøypoll etter 58 min, og då var kampen køyrd.

Kim Andre Gangeskar avslutta scoringane, då han sette inn straffespark etter 74 min.

Skavøypoll vann ein fortent siger i dag, og var betre enn Selje i det meste av kampen. Selje lukkast ikkje offensivt, og slepp Skavøypoll for lett til bakover på bana.

Selje mangla mange av sine faste spelarar til denne kampen, og det forklarer nok ein del. Det er berre å brette opp ermane til neste helg, når Selje møter Førde 2 på heimebane.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Gaute Otnes, Frode Nøstdal, Jon-Aage Riksfjord, Henrik Aarsheim, Ole Andreas Solheim, Kristoffer Hove, Kennet Honningsvåg, Atle Riksfjord, Werner Kupen, Endre Kupen.

Benytta reservar: Henrik Aaland

Dagens Seljespelar: Gaute Otnes fekk flest poeng.

  


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.