06.12: EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE torsdag 13.desember

Postet av Selje IL - Fotball den 6. Des 2007

Selje Idrettslag held ekstraordinært årsmøte torsdag 13.desember, kl.19.00 på Selje skule. Sak: Klubbhus....., les meir under....

 

EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE SELJE IL

Tid: torsdag 13.desember kl.19.00

Stad: Selje skule

Sak: Klubbhus

Selje IL inviterer medlemmar i laget til ekstraordinært årsmøte. På årsmøtet blir det gjeve orientering om arbeidet som har vore gjort fram til no, bruksplan for eksisterande bygg, presentert framlegg til teikningar for evt. tilbygg/byggesteg 2, finansiering, lån, tippemidlar m.m.

Årsmøtet skal ta stilling til kjøp av Centrum Eiendom, der klubbhuset til Selje IL er tenkt skal bli. Idrettslaget har som kjent svært stort behov for eit servicebygg som kan romme m.a.: forsamlingslokale, kontor, lager, garasje, toalett, kiosk, garderober osv. "Blåhuset" ligg perfekt til i høve Selje Idrettspark. Eit klubbhus som kan romme fleire funksjonar som klubben har sterkt behov for, vil vere ei flott "gåve" i høve 70-årsjubileet, og vere med å utvikle det aktive idrettslaget vidare.

Selje IL oppmodar medlemmane om å komme på årsmøtet. VEL MØTT!

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.