18.03: Ekstraordinært årsmøte Selje IL

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Mar 2008

Selje Idrettslag kallar inn til ekstraordinært årsmøte: onsdag 26.mars kl.19.00 på Selje skule. Det lukkast ikkje å fylle opp alle verv og funksjonar på årsmøtet 06.03. Selje IL har difor sendt ut brev til medlemmane, som du kan lese under..... Om du ikkje skulle ha motteke brevet, er du likevel velkommen til årsmøtet og gje ei hjelpande hand.....  


Selje 08.03.08

Til alle medlemmar i Selje Idrettslag

Selje Idrettslag er med sine nær 350 medlemmar ein stor organisasjon. Drifta i idrettslaget er bygd på dugnadinnsats. Mange gjer ein kjempeinnsats for at ”hjula skal gå rundt”. Selje IL er eit lag med svært stor aktivitet. Det er aktivitetstilbod med allidrett for dei yngste frå 3-5 år t.o.m. 10 år. I alle aldersklasser frå 11-16 år er det tilbod om fotball. Ca. 150 barn er med på desse aktivitetane. I tillegg kjem to seniorlag fotball, dametrim/aerobic, oldboys, fjelltrim og div. arrangement i regi av Selje Idrettslag.

Selje IL er eit veldrive lag med ein sunn økonomi. I løpet av 2008 vil dei store investeringane som var gjort i 2003, med bygginga av Selje Idrettspark med kunstgrasbane m/flomlys, friidrettsanlegg, trimløype osv. nesten vere nedbetalte.

Selje IL vedtok på ekstraordinært årsmøte 13.12.07 å kjøpe Centrum Eiendom AS. Her er arbeid i gang for å rehabilitere huset, slik at idrettslaget skal få eit funksjonelt og framtidsretta klubbhus.

Idrettslaget har vore og er inne i eit generasjonsskifte blant tillitsvalde. Mange har gjennom ei årrekkje gjort ein fantastisk innsats. I løpet av dei siste åra har ein del trufaste medarbeidarar takka av. Etter årsmøtet 6.mars 2008 manglar det folk i fleire viktige funksjonar. Det vert difor kalla inn til ekstraordinært årsmøte 26.mars.

Selje Idrettslag vil med dette brevet invitere deg til å ta eit tak for vårt aktive idrettslag. Dersom vi får inn fleire personar, som kan ta sine avgrensa oppgåver, kan vi klare å oppretthalde drifta av laget. Skulle det ikkje lukkast å få inn fleire tillitsvalde og medhjelparar, vil dette dessverre kunne føre til at ein blir nødt til å legge ned aktivitetar og tilbod. Dette er ein situasjon som ingen ynskjer å komme i.

Vi søkjer etter folk som kan ta på seg styreverv, som kan vere å hjelpe til på arrangement eller gjere dugnadsarbeid for å vedlikehalde og utvikle Selje Idrettspark og klubbhus. Vi har plass og oppgåver til alle. Her er arbeidsoppgåver for alle som har lyst til å gjere ein innsats for barn/unge og for bygda vår, ved å gje ei hjelpande hand til vårt aktive idrettslag.

Kan du hjelpe? Ta kontakt med ein av dei underteikna!

Du er også invitert til ekstraordinært årsmøte i Selje Idrettslag onsdag 26.mars kl.19.00 på Selje skule.

Med vennleg helsing

Selje Idrettslag, Hovudstyret

Adrian Mortensen Toril Knutsen Anne-Britt D. Rekdal

Merethe V. Otneim Atle Solheim Sølvi Årvik

Turid Hopland Kristoffer Hove


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.