30.03: Treningskamp G15/16, Selje vann 4-2 mot Åram/Vankam

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Mar 2008


Selje sitt guttelag spelte i dag sin fyrste treningskamp for sesongen. Selje vann 4-2 mot Åram/Vankam, etter å ha leia 3-0 ved pause.

ÅVK starta kampen best og skapte mest den fyrste halvtimen, men ein solid Seljekeeper Alexander Hovdevik holdt nullen. Den talentfulle keeperen, som kom frå Åheim før denne sesongen, har tidlegare i vinter alt fått prøvd seg i treningskamp med A-laget.


Ein annan nykommar i Seljedrakta sørga for at det var Selje som scora fyrst. Per Arne Teige, som kom frå Stadlandet før sesongen, drog seg laus frå 2-3 forsvararar og sette ballen til side for keeper. Dermed 1-0 til Selje etter 25min. Samme mann la på til 2-0 etter 35 min. Langt framspel der Per Arne fekk brukt farten sin og sprang frå forsvaret, og sette ballen kontrollert til side for ÅVK sin keeper.


I 40.min gjekk Selje opp til 3-0. Aleksander Kvernevik var sist på ballen i mølja framfor mål og fekk den over streken. 3-0 leiing til heimelaget gav nok ut frå spel og sjansar ikkje noko rett bilde av kampen så langt, sjølv om Selje tok meir over og var best i slutten av fyrste omgang og starten av andre omgang.

Etter 5 min i 2.omgang gjekk Selje opp til 4-0. Igjen var Aleksander Kvernevik frampå, og heada ballen i mål frå 3-4 meters hald.

ÅVK reduserte til 4-1 etter 17min på straffe, og til 4-2 etter 22 min etter klabb og babb i målfeltet. ÅVK hadde ein kjempesjanse like etter, men Alexander Hovdevik rykka ut og fekk blokkert skotet. Selje hadde også sine sjansar denne omgangen. M.a. duppa ballen i tverrliggaren etter fin lobb av Per Arne Teige, og skot frå Aleksander Kvernevik small i stolpen. 

Dermed enda kampen 4-2 til Selje. Kampen vart spelt under fine forhold på Selje Idrettspark, og gav nyttig kamptrening for begge lag. Selje sitt guttelag skal denne våren spele i 1.divisjon.  

Desse spelarane spelte for Selje i dag: Alexander Hovdevik, Birgitte Flølo, Joachim L. Træet, Christian V. Sneide, Lars-Johannes Gjerde, Joachim Refvik, Aleksander Kvernevik, Kristoffer Nøstdal, Ole-Kristian Hamre, Glenn-Inge Kvernevik, Per Arne Teige, Elias Skår, Bendik Otnes, Mads Flataker, Øyvind Støverstein, Håkon Eltvik.

Dommar: Glenn Lunde 





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.