08.09: Suksess for Selje Tine-Fotballskule
Postet av Selje IL - Fotball den 8. Sep 2008
Selje arrangerte Tine-fotballskule for 4.år på rad i helga med ny deltakarrekord. Spelarane kom hovudsakleg frå Selje, Stadlandet og Flatraket og var i alderen 7-15 år. Det var nesten like mange jenter som gutar som deltok.
Spelarane var delte inn i aldersgrupper 7-10 år og 11-15 år, i reine gute- og jentegrupper. I tillegg var 16 keeperar på eiga gruppe. Etter tekninsk trening med div. øvingar, vart begge dagane avslutta med turneringsspel. Midt på dagen fekk alle deltakarane servert lunch med baguett, frukt og Tine-produkt.
Ein ekstra spiss på premieutdelinga i år var at Geoff Watson, Manchester United, var til stades og delte ut diplomar til deltakarane ved avslutninga på søndag. I tillegg til diplom fekk kvar deltakar også Tine-ryggsekk og t-skjorte.
Fotballskulen vart gjennomført som planlagt og vart svært vellukka. Når ein i tillegg fekk flott sommarver, måtte dette bli ein suksess! Takk til deltakarane for fin innsats, og til våre ca. 35 instruktørar og andre medhjelparar som bidrog til eit vellukka arrangement. Velkommen tilbake til neste år!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, vårsesong 2024
20.03.2024
Motivasjonsdag med Team Hegerberg
18.03.2024
Årets klubbdommar Selje IL 2023
08.12.2023
Heidersteikn tildelt på kretstinget
08.12.2023