27.09: Nytt tap i Firdaligaen for Selje

Postet av Selje IL - Fotball den 27. Sep 2008

Kampen Selje-TornadoMåløy enda 0-2, etter 0-1 ved pause. TMFK var klart best i 1.omgang, medan Selje var best i starten av 2.omgang men utan å få utteljing.... 

Det hadde bøtta ned på haustens fyrste skikkelege regnversdag nesten fram til kampstart.  Men då kampen starta var det bra speleforhold. Begge lag mangla 4-5 spelarar, og det var venta eit jamnt og tett oppgjer i dagens kamp.

Det var TMFK som kom best i gong og skapte mest. Alt etter 3minutt får bortelaget fyrste sjanse i kampen med eit skot frå 11-12 meter som gjekk like over tverrliggaren. Etter 10min vil John Martin Gil ha straffe, men dommaren vinkar spelet vidare og Gil får gult kort. Etter 14min får Martin Flåten ballen litt utanfor 16 meteren. Flåten får godt treff og skotet går inn heilt ute i hjørnet og 0-1. Berre eitt minutt seinare ny stor TMFK sjanse etter innlegg frå venstre, men Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim får avverga ute i feltet.

TornadoMåløy har ein ny stor sjanse etter 26min. Farleg heading frå kort hald, men igjen hindrar Tom-Øyvind Solheim scoring. Selje skaper veldig lite målsjansar i 1.omgang. Den beste sjansen kjem i omgangens siste minutt, på eit bra skot frå Werner Kupen frå 16meteren. TMFK skapte mest og var best i 1.omgang, og Selje kunne vere fornøgd med å ligge under berre med eit mål.

Det var eit heilt anna Selje-lag som kom på bana i 2.omgang, som tydeleg hadde bestemt seg i garderoben for å kjempe for poeng. Det resulterte i fleire sjansar det fyrste kvarteret. Endre Kupen hadde ei god avslutning frå 16meteren i det 48.min, men ballen gjekk like til side for stolpen. Eitt minutt seinare la Endre inn eit frispark frå venstre. Frå 5meteren heada Andre Kupen i tverrliggaren og over. I det 55min drog Ole Andreas Solheim fint opp på venstresida, slo ein tunnell og la skrått ut til Endre Kupen på 16meteren som skaut på direkten i oversida av tverrliggaren.

Men Selje hadde ikkje marginane med seg, og dermed vart det TMFK som i staden gjekk opp til 0-2 etter 58min på sin fyrste målsjanse i 2.omgang. Eit innlegg vart slege inn frå høgresida, og på bakerste stolpe fekk John Martin Gil ein fot på ballen og scora. I det 61min hadde Ole Andreas Solheim eit godt skot frå 16meteren, men skotet gjekk rett på keeper Kenneth F. Elde. Eitt minutt seinare scora TMFK, men målet vart korrekt annulert for offside. I det 63min la Endre Kupen eit frispark inn i feltet, nestensjanse for Selje som vart beina ut til corner.

Selje prøvde å trykke på mot slutten av kampen, men dei heilt store sjansane uteblei. Dermed ebba kampen ut med 0-2 til TMFK. Alt i alt ein fortent siger, sjølv om kampen kunne blitt annleis om Selje hadde fått utteljing på ein av sjansane i fyrste halvdel av 2.omgang.   

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Joachim Refvik, Peter Bergesen, Andre Kupen, Frode Nøstdal, Jan Runar Trandal, Ole Andreas Solheim, Runar T. Aarsheim, Martin Hove (Runar Nøstdal etter 45min), Endre Kupen, Werner Kupen (Alexander Wik etter 45min).

Dagens Seljespelar (kåra av jury): 5 spelarar stod likt, av desse vart Endre Kupen kåra til dagens Seljespelar.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.