25.10: GRATULERER SMÅJENTER MED KRETSMESTERSKAPET!

Postet av Selje IL - Fotball den 25. Okt 2008

Vi gratulerer Selje sine småjenter med kretsmesterskapet! Selje hadde eit godt utgangspunkt før dagens kamp, då dei onsdag kveld vann 2-0 på bortebane mot Gaular. I returkampen på heimebane i dag vann Selje heile 7-0, etter 5-0 ved pause.....

Selje J13/14, KM-vinnarar 2008: Tone Helen Røyset, Laila Cathrin Hoddevik, Karoline Liseth, Hanne Bortne, Anne Sesilie Bakkebø, Sofie Hove, Sandra Rye, Live Åhjem, Susanne Aarsheim, Vilde Træet, Vigdis Amdam, Sunniva Myrseth, Elise Sætren.

Trenarar: Nina Refvik, Johnny Træet, Svein Kåre Aarsheim

Oppmann: Merethe K. Aarsheim

Mange tilskodarar hadde møtt opp til kampen om KM-tittelen i klasse J13/14, 7-ar. Det var laga til ei flott ramme rundt kampen med kiosk, speakerteneste, flagg osv. - men veret var det lite å gjere med. Det var utrivelege verforhold med vind og regn under heile kampen. Det er slike dagar at ein prisar seg lukkeleg for at ein har kunstgrasbane å spele på. 

Selje fekk ein pangstart på kampen og scora alt etter 4min. spel. Sandra Rye var sist på ballen i klynga framfor mål, og dermed 1-0 til heimelaget. Selje styrte det meste av spelet, og Gaular var berre på sporadiske visittar framfor Selje sitt mål. Når så Elise Sætren scora hattrick i løpet av 10 minutt, var kampen i realiteten avgjort. Elise Sætren sette inn 2-0 i det 14.min, 3-0 scoringa var på frispark frå 15meters hald etter 20min., 4-0 var eit skot frå skrå vinkel i stolpen og inn etter 23min. Hanne Bortne la så på til 5-0 etter 28minutt, og denne stillinga heldt seg til pause.

5 minutt ut i 2.omgang scora Elise Sætren sitt fjerde mål for dagen. Og berre to minutt seinare la Susanne Aarsheim på til 7-0. Gaular hadde få klare målsjansar i kampen, men kunne redusert på slutten av kampen då dei fekk straffe. Men straffa vart sett utanfor. Dermed enda kampen 7-0 til Selje og fortent KM-tittel etter ein strålande sesong. Etter kampslutt kunne Sogn og Fjordane Fotballkrets sin representant, Kåre Bakke, dele ut vinnarpokalen til jublande Seljejenter.

Kampfakta:

1-0    4min    Sandra Rye

2-0    14min    Elise Sætren

3-0    20min    Elise Sætren

4-0    23min    Elise Sætren

5-0    28min    Hanne Bortne

6-0    40min    Elise Sætren

7-0    42min    Susanne Aarsheim

Dommar: Kai Inge Fløde, Stadlandet

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.