13.01: Stortap mot Sandane

Postet av Selje IL - Fotball den 13. Jan 2009

Selje tapte siste juniorkampen i vinterserien mot Sandane heile 7-0, etter 3-0 ved pause. Selje hang godt med fyrste halvtimen, men etter det vart det mykje Sandane. Selje måtte dessverre stille med eit sterkt redusert mannskap......, men all honnør til Sandane for godt gjennomført kamp.   

Selje kom best i gang, men etter at Sandane gjekk opp til 1-0 etter 28min, vart det meir og meir Sandane, anført av Mats Wie som scora fem mål . Utover i 2.omgang vart det etter kvart berre eit spørsmål om kor stor sigeren ville bli. Seljekeeper Espen Sandviknes vart skada ut i 2.omgang og utespelar Martin Hove måtte i mål.

Med litt betre avslutningar kunne Selje putta eit par-tre mål, men ein god Sandanekeeper stod i vegen. Det vart dessverre ikkje den avslutninga på vinterserien som vi hadde håpa på, men det er berre å komme sterkare igjen ved eit seinare høve. 

Selje mangla som nemnt veldig mange spelarar til kampen pga. jobb, skadar, skule m.m: Endre Kupen, Kennet Honningsvåg, Joachim Refvik, Vidar Hagen, Anders D. Rekdal, Christian V. Sneide, Magnus Nore, Kristoffer Nøstdal kunne ikkje stille (i tillegg keeper Alexander Hovdevik, som vi ynskjer lukke til i Rosenborg).  

Seljes tropp til kampen: Espen Sandviknes, Martin Hove, Alexander Wik, Joachim L. Træet, Saron Osmundsvåg, Dan Robert Warberg, Ole Andreas Solheim, Runar T. Aarsheim, Aleksander Kvernevik, Alexander Hove, Susanne Vatnehol, Glenn Inge Kvernevik, Håkon Eltvik, Kai Sindre Moldestad.

Selje har i vinterserien vist, at når mannskapet har vore nokolunde fulltallig, har ein kunna hevde seg mot alle. Men det har blitt for variabelt kva tropp ein har kunna disponere i kampane. Og som ofte i fotball er det små marginar.

Det viser seg i år igjen, at det er vanskeleg å få avvikla vinterserien som planlagt. Snø/is osv. skaper problem, og gjer at kampar ofte må utsettast, og treningsarbeidet vert variabelt. Men vinterserien gjev juniorane eit verdifullt tilbod i ein ellers roleg periode og er såleis verdifull. Vi takkar alle spelarane som har spelt i Seljedrakta for innsatsen!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.