08.04: Seriestart 4.div. på laurdag

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Apr 2010

Selje sitt 4.div.lag har serieopning på laurdag kl.14.00, på bortebane mot Askvoll/Holmedal. Sjå kva trenar Idar Taklo seier før seriepremieren.....Vi ynskjer Selje lukke til!   

Kampen på laurdag er flytta fram frå 4.serierunde. Dette var noko klubbane vart einige om på terminlistemøtet i januar, og som kretsen godkjende.

Vi har snakka med trenar Idar Taklo før seriestarten.......

"Vi har hatt ein vanskeleg treningsvinter. Vi har mange spelarar som bur eller jobbar vekke. Difor vert det periodevis få på trening, og det er det vanskeleg å få samla laget. Dette er ikkje ideelt, men lite vi kan gjere med", seier Taklo.

"Vi har spelt 3 treningskampar: seier 4-1 mot Åheim, tap 1-4 mot Gursken/Larsnes og seier 2-0 mot Eid2. Sjølv om vi ikkje har fått trent så mykje i lag, har vi likevel prestert bra i desse kampane", meiner Taklo.

Selje har mista fleire sentrale spelarar frå i fjor. Av nye spelarar sidan i fjor har særleg Severin Rokne gjort eit godt inntrykk.

"Framfor seriepremieren manglar vi nokre, bl.a Martin Hove som braut nasebeinet i kampen mot Eid2 i påska. Bortekamp mot Askvoll/Holmedal er alltid vanskelege kampar. Sjølv om sesongførebuingane ikkje har vore slik vi skulle ynskje, reiser vi likevel til kampen med håp om seier", seier Seljetrenaren.

 

 

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.