02.05: Selje-Saga 0-4

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Mai 2010

Det vart tap heile 4-0 mot Saga i dag, etter 0-2 ved pause. Selje leverte ein skuffande kamp og Saga vann klart....

Selje stilte med 16manns tropp for fyrste gong i år, og var innstilt på å revansjere tapet i forrige heimekamp. To heimedebutantar starta kampen: Alexander Corneliussen og Snorre Kvalheim. Saga som er tippa som ein av førehandsfavorittane i 4.div, mangla på si side fleire spelarar til denne kampen.

Lite skjedde dei fyrste 20 minutta i kampen. Etter 24min hadde Saga fyrste sjanse då eit skot frå skrått hald sneia utsida av stolpen. Berre to minutt seinare vart eit innlegg slått inn i 5-meteren, og Odd Anders Vie fekk breisida ballen i mål. I det 29min fekk bortelaget ei svært billeg straffe, då ein Sagaspelar vart takla på hjørnet av 16meteren. Straffa sette Kenneth Leirvåg sikkert i mål.

Heimepublikummet håpa på at Selje skulle reise seg i 2.omgang. Det såg betre ut det fyrste kvarteret og Selje kom til eit par sjansar, m.a heading frå Martin Hove rett utanfor etter 53min. Men Saga punkterte i realiteten kampen i det 61min. Selje klarte ikkje å få ballen ut av målfeltet, og Odd Anders Vie skaut frå 6-7meter og dermed 0-3.

Etter eit godt Seljeangrep eit minutt seinare kom Gaute Otnes ned på venstrekanten og la inn i feltet, men Severin Rokne si avslutning frå kort hald gjekk rett på keeper. Saga hadde fleire store sjansar i siste del av kampen. Etter 84min vart Selje redusert til 10 mann då Frode Nøstdal vart utvist. Siste scoring i kampen kom i det 90minutt ved Stig Hårklau.

Seljetrenar Idar Taklo var svært skuffa etter kampen: "Vi sviktar kollektivt i dag. Vi taper alt av duellar, spring for lite og er slurvete i avklaringane defensivt. Framover skaper vi også lite. Nei, dette var skuffande, og det er bekymringsfullt at vi igjen sviktar på heimebane," seier Taklo. 

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Runar T.Aarsheim, Kristoffer Hove, Martin Hove, Alexander Corneliussen, Frode Nøstdal, Severin Rokne, Snorre Kvalheim, Kristoffer Nøstdal (Aleksander Kvernevik frå 45min), Joachim Refvik, Gaute Otnes.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Gaute Otnes

Publikum: 92


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.