24.05: Eikefjord-Selje 2-0
Postet av Selje IL - Fotball den 24. Mai 2010
Selje gjekk på eit nytt tap på bortebane mot Eikefjord i dag. Selje hadde eit par store sjansar i fyrste omgang, men laga gjekk til pause på stillinga 0-0.
Tidleg i andre omgang fekk Eikefjord straffe, som dei brende. Men like etter kom det to kjappe mål av Eikefjord. Fleire scoringar vart det ikkje i kampen, og dermed heimesiger med 2-0.
Seljetrenar Idar Taklo konstanterer at Selje ikkje får det til å stemme. "Vi var bra på 2/3 av bana i dag, men vi skaper for lite offensivt og greier ikkje å putte når vi endeleg får sjansen. Eg synest vi jobba hardt, vi gav ikkje opp på 2-0 og prøvde heile vegen. Men det vil seg ikkje for oss, og dermed blir det dessverre eit nytt tap", seier Taklo.
Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Saron Osmundsvåg, Martin Hove, Espen Nøstdal, Alexander Corneliussen, Anders D. Rekdal (Idar Taklo frå 75min), Frode Nøstdal, Joachim Refvik, Kristoffer Nøstdal (Rikard Rekdal frå 80min), Aleksander Kvernevik (Viktor H. Front frå 45min), Severin Rokne.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Stor påmelding til Grasrottrenarkurs i Selje
02.02.2026
Geir fortset som trenar for damelaget
22.12.2025
Idar trenar Selje i 5.div.
22.12.2025
Grønt merke til Anne-Britt
16.12.2025
Årets dommar
16.12.2025