06.06: Selje-Veitastrond 1-3

Postet av Selje IL - Fotball den 6. Jun 2010

Bortsett frå forrige helg har Selje ikkje lukkast på heimebane i år. I dag vart det 1-3 tap mot Veitastrond, etter 0-1 ved pause.....   

Lite skjedde framfor måla dei fyrste 25 minutta, men Veitastrond hadde eit lite ovrtak. Etter 27 min scora Åsmund Øgar på eit skot inni 5meteren etter "klabb og babb" framfor mål. Neste store sjanse etter 40 min då ein Veitastrond-angripar sende avgarde eit skot frå ca. 20m som traff tverrliggaren. Seljes einaste store sjanse i 1.omgang kom etter 44min. Aleksander Kvernevik kom åleine gjennom, men skotet gjekk rett på keeper og ut til corner.

Selje starta betre i 2.omgang, etter at Veitastrond hadde vore best før pause, men klarte sjeldan å skape dei store målsjansane. Bortelaget heldt på å auke leiinga etter 59min etter skot frå kort hald. Berre minuttet seinare vart et 0-2, rett etter at Selje hadde hatt eit godt angrep. Kurt Heggestad kom gjennom og skaut sikkert i hjørnet frå 11-12 meters hald.

Selje prøvde å trykke på framover og lukkast betre i ein periode. Det var difor ikkje ufortent då heimelaget reduserte til 1-2 etter 80min. Det var trenar Idar Taklo som putta retur frå keeper i mål, etter skot frå Severin Rokne. Selje fekk trua på poeng og trykte på framover. Kjempesjanse etter 84min då Aleksander Kvernevik nesten fekk avslutta nesten på målstreken. Men mål vart det ikkje og Veitastrond scora i staden på ei kontring etter 92min. Her lukta det offside på oppspelet, men mål vart det ved Frode Kvam.

"Vi gjer det vanskeleg for oss sjølve, når vi kjem under i dag igjen. Dårleg 1.omgang, men vi er betre i 2.omgang. Vi brenner dei sjansane vi fekk. Det har skjedd i fleire kampar i år at vi scorar for lite, og vi får svi for det. Vi må berre sjå framover og håpe på at vi tek til å plukke poeng", sa Seljetrenar Idar Taklo etter kampen.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Joachim Refvik, Espen Nøstdal, Martin Hove, Alexander Corneliussen, Frode Nøstdal, Kristoffer Nøstdal, Philipp Hamman (Andreas Teigen frå 45min), Aleksander Kvernevik, Victor H. Front (Idar Taklo frå 65min), Severin Rokne.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Frode Nøstdal


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.