30.04: Seriestart 5.div: Selje-Bremanger

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Apr 2011

Søndag 1.mai kl.15.00 er det seriestart i 5.divisjon. Selje får besøk av Bremanger på Selje Idrettspark. Felles for begge laga er at det tidlegare i vinter, var usikkert om dei hadde nok spelarar til å greie å stille lag. Men heldigvis, begge laga er no klare for seriestart.....Vi ynskjer alle velkommen til kamp på stadion! Les meir om Selje sitt A-lag under..... (foto: Stig Høines)  

Etter nedrykket frå 4.divisjon i fjor, er Selje tilbake i 5.divisjon, for fyrste gong sidan 2004. Seljefotballen har hatt ein fantastisk periode, med  gode sportslege resultat. I ein reportasje skreiv t.d. avisa "Firda" at Selje var "årets fotballeventyr i Sogn og Fjordane", etter det andre opprykket på rad i 2005. Det har uansett vore særs spennande å vere Selje-supporter i denne perioden, då alle sesongar har handla enten om opprykk eller nedrykk. Sjå berre her:

2004: 5.div. opprykk, 2005: 4.div. opprykk, 2006: 3.div. nedrykk, 2007: 4.div. opprykk, 2008: 3.div. nedrykk, 2009: 4.div. nesten opprykk, 2010: 4.div. nedrykk.

Framfor 2011-sesongen har det store spørsmålet vore om Selje skulle ha nok spelarar til å stille lag. Det var vore lagt ned ein formidabel jobb det siste halve året for å greie dette. "Alle steinar har vore snudd", og det er difor kjekt at vi no kan ynskje velkommen til seriestart på heimebane.

Med det utgangspunktet som A-laget har hatt framfor denne sesongen, kan vi ikkje sette høge sportslege mål. Hovudmålet for sesongen er klart: Selje skal ha A-lag! Så får ein ta kamp for kamp, og gjere det beste ut av situasjonen til ei kvar tid.

Då heile støtteapparatet takka av, etter mange års innsats, var det også ei stor utfordring å få nokon til å ta seg av laget. Selje IL, Fotball takkar Rikard og Martin for at dei tok utfordringa, og starta opp treningar etter nyttår. Dei har gjort ein flott jobb! Tanken har heile tida vore at dei skulle ha nokon å hjelpe seg på linja i kampsituasjon. Det har vore jobba iherdig også med dette, men dessverre utan å finne løysing endå....

A-laget med Rikard og Martin i spissen, fortener all mogeleg støtte og ros. Positivt er det at svært mange i bygda har vore veldig opptekne av at Selje framleis skal ha A-lag også i 2011. Vår oppfordring er: Kom på kamp, og støtt laget både på og utanfor bana.....Måtte det beste heimelaget vinne!

Med sportsleg helsing

for Selje IL, Fotball

Atle Solheim

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.