FJELLTRIMMEN 2013
1123 personar deltok i fjor!
År |
Personar |
Turar |
Poeng |
Tall postar |
På alle postane |
1994 |
593 |
2601 |
|
8 |
13 |
1995 |
625 |
3670 |
|
10 |
25 |
1996 |
714 |
3807 |
14214 |
13 |
22 |
1997 |
707 |
3989 |
15428 |
15 |
29 |
1998 |
1071 |
6739 |
26321 |
16 |
79 |
1999 |
1102 |
6754 |
25366 |
16 |
81 |
2000 |
957 |
6359 |
25722 |
16 |
93 |
2001 |
913 |
6549 |
26134 |
16 |
85 |
2002 |
1166 |
10291 |
41522 |
16 |
140 |
2003 |
1237 |
9644 |
39454 |
16 |
114 |
2004 |
1115 |
7947 |
31509 |
16 |
105 |
2005 |
1152 |
7528 |
29352 |
16 |
93 |
2006 |
1019 |
7365 |
28220 |
16 |
99 |
2007 |
1105 |
7205 |
26267 |
16 |
76 |
2008 |
1122 |
7796 |
29198 |
16 |
85 |
2009 |
1258 |
7916 |
28865 |
16 |
77 |
2010 |
1157 |
6511 |
23921 |
16 |
81 |
2011 |
1102 |
6296 |
23732 |
16 |
75 |
2012 |
1123 |
6068 |
22780 |
16 |
88 |
Mosjonsgruppa arbeider med å forbetre tilbodet , men tal postar blir ikkje endra i 2013.
Postane/ bøkene blir lagt ut lørdag 10. mars 2013 og ligg ute til 26. oktober 2013.
Bøkene for vintertrimmen blir samtidig henta inn 10. mars 2013.
Når sesongen er over blir triminnsatsen til kvar enkelt mosjonist rekna ut i poeng .
Plakett/skjold
Til dei som har vore minst 1 gong på alle 16 postane. Mosjonsgruppa kan få laga ein plakett i tre til dei som skriv seg inn på alle postane og "nye" som fullfører alle 16 postane i 2013 kan kjøpe plakett til kostpris kr 150,-. Dei 292 som har plakett frå før og har gått alle postane i år kan for kr 20,- få årstalmerke "2013" hos Sølvi Årvik til å lime på.
Premiering
* Trekning av 1 GAVEKORT COOP PRIX SELJE kr. 500,- mellom alle som i 2013 innan 26.10.13 har skrive seg inn på alle 16 fjellpostane .
* Trekning av 1 GAVEKORT BYGGER`N SELJE kr. 500,- mellom dei med 10 beste poengsummane og alle dei som har vore 3 gonger innom alle trimpostane i 2013.
* Trekning av 1 GAVEKORT BUNNPRIS kr. 300,- mellom alle født etter 1/1-98 som har gått på minst 10 ulike fjellpostar.
* Trekning av 1 PREMIE SALONG VI-2 verdi kr. 300,- mellom dei 10 med flest besøk eller som har vore minst 6 gonger innom posten Kvernhusdalen. Vilkår: Født etter 1/1-98.
* Trekning av 1 GAVEKORT SELJE HOTEL AS kr.500,- mellom dei som har gått på minst 6 ulike postar i påska (frå palmelørdag 23.03 til 2.påskedag 01.04).
* Trekning av PREMIE mellom dei med minst 10 besøk på posten NAUSANE
* Trekning av premie(ryggsekk) mellom dei 10 med flest besøk eller
minst 10 besøk på årets fjelltopp TARVALDSEGGJA.
* Trekning av 1 GAVEKORT frå SELJE SPORT OG FRITID v/ Jan
Petter Venøy, verdi kr.300,- mellom dei 10 trimfamilier som har
høgast poengsum samla.
* Trekning av premie: trimdag for Selje 1. mai 2013.
* Trekning av premie: vintertrim2012/ 2013.
* Årets fjelltrimmar:personen med beste poengsum samla . Upremiert.
* Årets trimfamilie:familien med beste poengsum samla . Upremiert.
* TARVALDSEGGJA Årets fjelltopp, trekning blant dei 10 beste eller minst 10 besøk.
* KVERNHUSDALEN Født etter 1/1-98 trekning av premier blant dei beste.
* PÅSKETRIMMEN Loddtrekning av gåvekort mellom dei som har gått 6 ulike postar i påska frå palmelørdag 23/3 til og med 2. påskedag 1/4-2013.
Turmarsjar
Turmarsj: Søndag 28. april
Tur frå Indre Fure til Ytre Fure og ev. over til Hoddevikfjellet. Oppslag. Ytre Nordfjord Turlag.
Trimdag: Søndag 1. mai
Er trimdag for Selje " Heile folket i form". Fritt turval. Alle som skriv seg inn på ein av trimpostane denne dagen blir med på trekning av premie.
Turmarsj: Mandag 20. mai (2.pinsedag)
Tur frå Berstad over Løypinga til Rimstad eller Høgehornet. Oppslag.
Turmarsj: Søndag 26.mai
Fjelltur ut i det fri. Friluftsgudsteneste for alle sokna. Vi går den gamle kyrkjevegen frå Liset (Selje) og frå Dragseidet (Leikanger) og møtest langs ruta og har gudsteneste. Samarbeid mellom sokneråda, Selje IL og Stadlandet IL. Sjå annonsering seinare.
Anna informasjon
* Ein arbeider med eit opplegg med informasjon og bilete på Selje IL sine nettsider, og eit opplegg med kveldsturar med utgangspunkt i Selje – f.eks. 2- 2 ½ time.
Alternativt informasjon ved oppslag i sentrum på Nabben om turar.
* Mosjonsgruppa vil prøve å arrangere fellestur 2013. Kjem tilbake til annonsering og påmelding seinare.
Ytre Nordfjord Turlag arrangerer turar i distriktet, sjå annonsering i avisa.
* Stadlandet Idrettslag har 14 trimpostar på:
Flødevatnet, Nobba, Sjåstadvarden, Vardeberget, Grøtrøysa, Dalskarhornet, Hanekamben, Revjehornet, Kyrnosa,Mosekleivhornet, Liberra, Geitahornet, Lundebrekkhornet og Skjeljevatna.
* Frå 26. oktober 2013 til ca. 20. mars 2014 vil det ligge vinterbøker på alle postane. For å vere med i trekning må du ha vore minst 1 gong på følgjande 4 postar: Klipet, Kvernhusdalen, Bergshornet og Nausane.
Det er laga tursti med trapp frå Skogavegen til RISNAKKEN, der det ligg bok heile året. Det ligg også bok på toppen av Seljeøya.
OBS : Ein gjer merksam på at hjortejakta startar på hausten.
* Det går fine stiar til alle desse trimpostane som også er flotte utsiktsstader. For å betre fjelltrim-tilbodet vil mosjonsgruppa halde fram arbeidet med å rydde, klippe og få merka dei ulike turstiane. Det ligg bok i vardane eller ved merkepostane, der ein kan registrere at ein har vore der. Ut frå registreringa i bøkene blir triminnsatsen rekna ut . Resultatlister med trekning blir lagt ut på Selje Idrettslag sine heimesider. Ved å opplyse e-postadresse kan du få tilsendt program, resultatliste o. l.
Utdeling av plakettar og premier vil finne stad i løpet av vinteren.
* Vi viser til Friluftskartet over Selje og Vågsøy kommune med mykje nyttig informasjon.
* Selja Forlag ga i 2005 ut boka ”Opptur” med bilder og tekst over fjellturar i fylket.
Mosjonsgruppa ønskjer alle eit fint trimår med mange fine turar og minner . Mosjonsgruppa er interessert og opne for tips, utspel og nye ideer til turar og trim.
Takk til sponsorane våre.
Ta gjerne kontakt med mosjonsgruppa : Sølvi Årvik, Kjellaug Hove Venøy, Olaug Wold, Arne Seljen, Kåre Rundereim, Håkon Berstad