27.09: Florø3 - Selje 3-1
Postet av Selje IL - Fotball den 27. sep 2013
Selje tapte 3-1 mot Florø i siste seriekampen. Selje låg under 0-3 alt etter 24min, men reduserte i det 29.min. ved Joachim. Fleire mål vart det ikkje i kampen og dermed seier til Florø3. Trenar Idar Taklo seier at heller ikkje i denne kampen kom Selje opp på nivået som har vore synt heime: "Vi møtte eit godt og effektivt Florø-lag. Vi slurva for mykje og kom tidleg bakpå, men kampen var jamn etter at vi reduserte til 3-1. Nok ein bortekamp utan den nødvendige gnisten og presisjonen som trengst for å ta poeng".
Seljes lag: Luke John Owen, Kristoffer Hove, Espen Nøstdal, Aleksander Kvernevik, Jonas Beitveit, Jon Anders Gulbransen, Runar T. Aarsheim, Ole Andreas Solheim, Joachim Refvik, Martin Grøttå, Are Berstad.
Innbyttarar: Gaute Otnes, Vegard Elde, Magnus Rye, Andreas Teigen
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Selje-Sandane/Jølster mandag 12.10 kl.19.00
09.10.2026
Selje-Førde3 fre. 02.10 kl.19.30
30.09.2026
Selje-Årdal2/Jotun søn. 20.09 kl.15.00
17.09.2026
Selje-Eid mandag 07.09 kl.19.00
06.09.2026
Selje-Eikefjord/Florø2 fredag 04.09 kl.19.30
01.09.2026