Innleiing/bakgrunn
Selje IL har hatt fokus på FairPlay i mange år. Frå 2011 auka klubben fokuset og bevisstgjeringa rundt FairPlay endå meir, og utarbeida bl.a. handlingsplan med tiltak. Vi er glade og stolte for at Selje IL kvart år har blitt nominert til årets FairPlay-klubb i Sogn og Fjordane. Klubben vann FairPlay-prisen både i 2012, 2013, 2015 og 2020.
Klubben har i mange samanhengar presentert sitt FairPlay-arbeid og har fått mykje merksemd på ulike nettsider, aviser, krets og forbund for sitt arbeid. Handlingsplanen for 2022 byggjer på føregåande planer, med nokre justeringar.
Fair Play handlar om respekt for medspelarar, motspelarar, dommarar og andre aktørar på fotballbana. Det gjeld ikkje berre for spelarar, men alle som er involvert i fotballen, anten det er som trenar eller foreldre på sidelinja eller utanfor bana.
Selje IL handlingsplan 2022
Klubben skal ha eit generelt sterkt fokus på FairPlay på alle nivå. Klubben skal ha 0-toleranse for mobbing, rasisme og uønska åtferd. FairPlay skal vere eit berande prinsipp på alle nivå i klubben. Selje IL skal vere ein klubb som blir oppfatta positivt.
2. Fair Play haldningskontraktar
b) Ved evt. brot på kontrakt, vert dette følgd opp av klubb i samråd med trenar/oppmann for laget.
3. Inkludering/"Fotball for alle"
a) Klubben skal legge til rette for at alle som ynskjer å spele fotball får tilbod og kan vere med: "Fotball for alle"
b) Det skal vere like vilkår for gutar og jenter.
c) Klubben skal arbeide aktivt for å få med flyktningar og andre innvandrarar.
4. Synleggjering/profilering av Fair Play
a) FairPlay logo på hjørneflagg (både 11-ar, 9-ar, 7-ar og 5-ar bane)
b) FairPlay oppslag/skilt på stadion. FairPlay-banner ved garderober
c) FairPlay flagg på stadion
d) FairPlay logo på drakter
e) Foreldrevettreglar oppslag på stadion
f) Sesonghefte/årbok skal innehalde info. om at Selje IL er FairPlay klubb, handlingsplan m.m.
g) Kampprogram seniorlag skal innehalde FairPlay logo og info.
h) Fair Play logo på klubbens nettside, og info. om FairPlay arbeidet i klubben
i) Fokus på/info. om klubbens FairPlay-arbeid på lagleiarmøter, foreldremøter, årsfestar m.m.
j) FairPlay-logo tufta inn i tryggleikssonar på nytt kunstgrasdekke stadion.
k) Banner med FairPlay-klubben Selje. Five-a-side mål med tekst: "Selje IL spelar på lag med FairPlay". 3ar-bane med FairPlay-logo.
l) FairPlay-vestar til klubbdommarar og spelarar aldersf.lag/minilag
n) Selje IL FairPlay-banner til arrangement
a) Kampvertar med FairPlay-vest
b) FairPlay helsing
c) Lage god ramme rundt kampane slik at gjestande lag, dommarar og andre kjenner seg velkomne og får ei god oppleving. Servering av frukt, drikke m.m.
d) Innmarsj med inngangshymne der kapteinane på laga ber FairPlay-banner mellom seg.
e) FairPlay-profilering på stadion og v/garderobe.
f) Kampprogram med aktuell informasjon.
h) Som ein gest til motstandarlaget vert innbytterksura merka med lagsnamnet.
6. Heimekampar/kamparrangement aldersfastlagde lag
a) Kampvert(ar) med FairPlay-vest
b) FairPlay helsing
c) Lage hyggeleg ramme rundt kampane slik at gjestande lag, dommarar og andre kjenner seg velkomne og får ei god oppleving. Servering av frukt, drikke m.m.
e) FairPlay-profilering på stadion
7. Bortekampar
a) Følgje klubbens trafikktryggingsplan
b) Lag/spelarar opptrer iht. klubbens FairPlay-kontrakter
8. FairPlay på Seljecup
a) Foreldrevettreglar
b) Synleggjering/profilering av FairPlay ved skilt/oppslag, flagg, banner osv. på stadion
c) FairPlay helsing
d) Info. om FairPlay til deltakande lag i invitasjon, programhefte, kampprogram m.m.
e) Kampvertar med FairPlay-vest
f) Kåring av FairPlay-lag og/eller hending i løpet av Seljecup.
9. FairPlay på Selje Tine-Fotballskule
a) Synleggjering/profilering av FairPlay ved skilt/oppslag, flagg osv. på stadion
b) Info. om klubbens FairPlay-arbeid
10. MOT
a) Klubben skal ha samsvar med MOT sitt verdigrunnlag.
b) Sal av MOT-vatn på Seljecup (dersom MOT kan levere).
11. Kåring av FairPlay-spelar
a) Årets FairPlay-spelar på seniorlag
b) Årets FairPlay-spelar aldersfastlagd lag i seriespel frå 11år
12. Klubbarrangement
a) FairPlay-klubbkveldar for aldersfastlagde lag
b) "Kick-off" aldersf.lag i samband med ein av vårkampane for senior.
13. FairPlay-kaptein
Selje IL innførte i 2014 FairPlay-kaptein på alle lag i barnefotballen i samsvar med klubben sine utarbeida retningslinjer. Rolla som FairPlay-kaptein rullerast mellom spelarane.
14. Dommar
Som ein del av FairPlay-arbeidet vert det frå 2021 innført obligatorisk klubbdommarkurs for alle spelarar over 13år.