Hjertestartar-prosjekt
Postet av Selje IL - Fotball den 18. Sep 2023

Selje IL har tidlegare i år fått innvilga søknad om å bli med på fotballkretsen sitt «Hjertestartar-prosjekt» (i tillegg til 3 andre klubbar i Sogn og Fj). Dette er eit viktig tiltak som alle før eller seinare kan få bruk for, og gje auka tryggleik på trening/kamp og fritid.
Vi har no motteke alt utstyret: hjertestarter, øvingsdokke, øvings-hjertestarter m.m. Utstyret har ein verdi på ca. 30.000 og er sponsa av Enivest.
Tanken er at trenar/kontaktperson og spelarar frå 11-12år - senior skal øve på hjerte-/lungeredning (HLR) og bruk av hjertestartar. Vi tek sikte på gjennomføring i løpet av dei neste vekene. Kurset vil så komme inn som fast tiltak i forkant av ny sesong
Thor Øivind og Annichen vil stå for praktisk gjennomføring av kurset på klubbhuset. Vi ser føre oss, så langt råd er, i samband med trening for laget. Treninga kan gjennomførast som vanleg, men 2-4 spelarar øver om gongen, slik at dei fleste har gjennomført kurset i løpet av treninga. Prosjektet startar opp i veke 38 og vil fortsette dei neste vekene til alle har gjennomført kurset.
Meir info. om prosjektet, trykk på linken under:
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Selje-Bremanger: fredag 15.mai kl.19.00
13.05.2026
Selje-Stryn fre. 08.05 kl.19.00
06.05.2026
Selje-Askvoll/Holmedal: lør. 2.mai kl.14.00
02.05.2026
Lør. 02.05 kl.14.00, Selje-Askvoll/Holmedal
02.05.2026
Selje-Måløy fre. 24.04 kl.19.00
22.04.2026
Selje-Syril, lør.25.04 kl.15.00
22.04.2026