Årets FairPlay-spelarar
Postet av Selje IL - Fotball den 11. Des 2024
Selje IL har stort fokus på FairPlay. Klubben har vunne NFF Sogn&Fjordane sin FairPlay-pris fire gonger (2012, 2013, 2015, 2020). Selje IL har ein omfattande handlingsplan som styrer FairPlay-arbeidet. Eit av punkta er haldningskontrakter og kåring av årets FairPlay-spelarar frå 11år og eldre.
På årsfesten 05.12 vart desse kåra til årets FairPlay-spelar i 2024:
J15/17: Cassandra Nalbant Nordpoll
J13/14: Ylva Flølo Drabløs
G13/14: Bastian Smenes
J11: Heile laget
Selje IL gratulerer verdige vinnarar!
Blå diplom til Sofie
Postet av Selje IL - Fotball den 2. Des 2024
Sofie Refvik Hove vart tildelt blå diplom på fotballkretsen si miljøhelg. Sofie har vore aktiv som spelar, trenar, dommar og på arrangement som Seljecup m.m. i mange år. Selje IL gratulerer med velfortent utmerking.
Årets dommarklubb 2024
Postet av Selje IL - Fotball den 2. Des 2024
På Miljøhelg NFF Sogn og Fjordane vart Selje IL-fotball heidra med flotte utmerkingar. Selje IL vart kåra som årets dommarklubb. Sofie Refvik Hove vart tildelt fotballkretsen sin blå diplom. Selje IL vart sertifisert som kvalitetsklubb.
Selje IL-fotball, årets dommarklubb 2024:
Evy-Ann Rye Aarseth, dommaransvarleg Selje IL-fotball:
Årsfest torsdag 5.desember
Postet av Selje IL - Fotball den 20. Nov 2024
Selje IL-fotball og B/U inviterer til Årsfest torsdag 5.desember på klubbhuset:
* Lag 6-11år: 17.30-19.00
* Lag 12-17år: 19.15-21.15
Info. Deltakingsavgift 2024
Postet av Selje IL - Fotball den 20. Nov 2024
Til aktive og føresette Selje IL:
Deltakingsavgift 2024:
Selje IL, fotball sender ut faktura for deltakingsavgift 2024, for barn/ungdom 6-17år og senior.
Alle som er med på organiserte tilbod/aktivitetar i regi av Selje IL, må i tillegg til å vere medlem, også betale deltakingsavgift. Samanlikna med dei fleste andre klubbar er det rimeleg å vere med i Selje IL.
Deltakingsavgifta er meint å skulle dekke litt av utgiftene som aktiviteten medfører som til dømes: påmelding lag til serie og cupar, utøvarforsikring, drakter og utstyr, drift av anlegg, dommarutgifter osv.
Selje IL ber om at faktura vert betalt innan fristen, det sparer oss for mykje ekstra arbeid.
Alle barn og unge i Selje IL skal kunne vere med på aktivitet
Vi ynskjer at alle skal kunne delta på tilbod/aktivitetar i Selje IL, uavhengig av privat økonomisk situasjon. Dersom føresette ikkje har anledning til å dekke heile eller deler av deltakingsavgifta, eller treng å dele den opp, så ta kontakt. Føresette til medlemmar under 18 år kan søke.
Har du spørsmål, send ein mail til: post@seljefotball.no. All kontakt blir behandla konfidensielt.
Med vennleg helsing
Selje Idrettslag, fotball
SPORTSPLAN 2025-2026 Selje IL-fotball
Postet av Selje IL - Fotball den 16. Nov 2024
Selje IL-fotball har i samband med kvalitetsklubb-prosjektet utarbeida ein ny Sportsplan for 2025-2026.
Sportsplanen skal vere retningsgjevande og forpliktande for alle som deltek i klubben sitt arbeid. Sportsplanen er ei vidareutvikling av klubben sin tidlegare plan. Sportsplanen er utarbeida med bakgrunn i NFF sine retningslinjer, og skal tilfredsstille krava som stillast for Kvalitetsklubb nivå 1.
Sportsplanen skal vere tilgjengeleg på klubben si nettside. Den skal vere eit levande dokument som vert nytta av alle i klubben. Vi ynskjer deg lukke til i arbeidet, og takkar for jobben du gjer for Selje IL.
Trykk på linken under for å komme til Sportsplanen....
SPORTSPLAN Selje IL-fotball, pr. nov-24.pdf
3.div. kvinner Selje/Åheim: Kåringar 2024
Postet av Selje IL - Fotball den 13. Nov 2024
3.div. kvinner Selje/Åheim: Kåringar 2024
Selje IL, fotball har hatt årsfest for seniorlaga. Under kan du sjå kva for spelarar som fekk utmerkingar.
Desse spelarane fekk utmerking på årsfesten:
- Årets spelar: Malin Bø
- Årets FairPlay spelar: Emma Wold Haugland
- Årets toppscorar: Guro Lesto Larsen
- Årets treningstopp: Guro Lesto Larsen
- Årets unge spelar: Ingeborg Aam Hamre
6.div. menn Selje IL: Kåringar 2024
Postet av Selje IL - Fotball den 12. Nov 2024
6.div. menn Selje IL: Kåringar 2024
Selje IL, fotball har hatt årsfest for seniorlaga. Under kan du sjå kva for spelarar som fekk utmerkingar.
Desse spelarane fekk utmerking på årsfesten:
- Årets spelar: Kristoffer Rundereim
- Årets toppscorar: Kristoffer Rundereim
- Årets FairPlay spelar: Kristoffer Hove
- Årets treningstopp: Aleksander Kvernevik
- Årets unge spelar: Sigurd Aam Hamre
- 150 obl. kampar: Jon Anders Gulbransen
- 100 obl. kampar: Saron Osmundsvåg
Ingeborg og Ellinor uttekne til eliteturnering
Postet av Selje IL - Fotball den 28. Sep 2024
Ingeborg Aam Hamre og Ellinor Hansen Nerland er uttekne som dommarar til eliteturnering på Hamar 4.-6.oktober. Selje IL, fotball gratulerer.
Sjå sak på fotballkretsen si nettside: Dommarjenter til Torshov Elite Cup - Norges Fotballforbund
6.div. menn: Selje-Hyen tys.11.06, kl.19.45
Postet av Selje IL - Fotball den 29. Apr 2024
Velkommen på kamp!
Fre. 21.06, kl.19.00: 3.div. kvinner, Selje/Åheim-Måløy
Postet av Selje IL - Fotball den 25. Apr 2024
Velkommen på kamp!
Dommarsatsing i Selje
Postet av Selje IL - Fotball den 3. Apr 2024
Selje har satsa mykje på dommarar dei siste åra og det tek til å gje resultat. På dommarsamling Skei i midten av mars deltok Selje med heile 7 dommarar: Matias, Per Martin, Sigurd, Mohammed, Ingeborg, Kine, Ellinor.
Sigurd representerte Selje på Eikefjordcup i slutten av mars og gjorde ein flott innsats, i lag med andre unge dommarar. Sigurd er også utteken på fotballkretsen sitt utviklingstiltak Norcore.
Kampar Selje IL, vårsesong 2024
Postet av Selje IL - Fotball den 20. Mar 2024
Link til alle kampar lag Selje IL, seriespel VÅR-SESONG 2024:
6.div. menn Selje
6.divisjon avd 4 2024 - Norges Fotballforbund
3.div. kvinner Selje/Åheim
3.divisjon kvinner avd 2 vår 2024 - Norges Fotballforbund
J11 Selje
J11 avd 3 2024 - Norges Fotballforbund
J13/14 Selje/Stadlandet
J 13/14 9ar avd 3 2024 - Norges Fotballforbund
J15/17 Selje
J 15/17 avd 3 vår 2024 - Norges Fotballforbund
G10 Selje
G10 avd 6 2024 - Norges Fotballforbund
G12 Stadlandet/Selje
G12 avd 4 2024 - Norges Fotballforbund
G13/14 Selje/Stadlandet
G13/14 9ar avd 3 vår 2024 - Norges Fotballforbund
G15/17
Stadlandet/Selje/Åheim
Motivasjonsdag med Team Hegerberg
Postet av Selje IL - Fotball den 18. Mar 2024
Bli med på Motivasjonsdag med Team Hegerberg, 08.06.2024
Foreldrene til Ada og Andrine Stolsmo Hegerberg; Gerd og Stein Erik, tar dere med inn i deres reise og treningsfilosofi.
Samlingen er for aktive fotballspillere født. 2007-2012. For å nå ut bredt er det også mulig for trenarar, klubbrepresentanter og foreldre til å delta på foredraget dersom det er plass i lokalet (ca 250 plasser).
Vi er heldige som har fått gode sponsormidler for dagen og arrangementet blir derfor gratis for alle som deltar.
Påmelding
Påmelding blir gjort av klubben der en melder inn årstall og antallet i kvart kull.
Alle som deltart MÅ legge til Spond gruppen «Motivasjonsdag med Team Hegerberg» ved å legge inn gruppekode: E O Y N O.
Her kan det komme ny informasjon og annet nyttig før samlingen.
Tidsplan for dagen blir som følger:
- Trening jenter født 2007-2009.
Nordfjordeid, Eid Idrettspark, kl 10:00 – 11:45.
- Team Hegerberg, Foredrag
Fjordane Folkehøgskule, kl 12:15 – 14:00. Litt frukt og drikke blir servert før foredraget.
Ada eller Andrine stikker også innom og hilser på via skjermen.
- Trening jenter født 2010-2012.
Nordfjordeid, Eid Idrettspark, kl 1430 – 16:15
Praktisk informasjon:
- Toalett v/Eid Idrettspark
- Garderober v/Eid Idretspark
- Parkering v/Eid Idrettspark
- Gå avstand til Fjordane Folkehøgskule
- Utstyr: - Fotballsko - Leggbeskyttarar - Drikkeflaske - Egne klubbkle/ treningskle (byttekle dersom ein ønsker det).
- Møt i god tid før arrangementet.
- Gå gjerne innom nettsiden til Team Hegerberg. https://www.teamhegerberg.com/
Invitasjon og påmelding Seljecup 2024, 14.-16.juni
Postet av Selje IL - Fotball den 8. Mar 2024
SELJECUP 2024, 14.-16.juni: Selje Idrettslag har igjen gleda av å ynskje velkommen til Seljecup. Vår tradisjonsrike og populære cup blir i år arrangert for 28.gong. Vi kan sjå tilbake på ei svært vellukka cuphelg i 2023 med rekorddeltaking og heile 161 lag, og mange gode tilbakemeldingar frå fornøgde lag/klubbar som deltok.
Vi har gleda av å invitere alle til ei ny flott cuphelg i Selje 14.-16.juni.
Det løner seg å vere tidleg ute med påmelding, då pågangen spesielt i høve overnatting (C-kort) brukar å vere stor, "først til mølla" gjeld.
Vi ynskjer alle velkommen til Seljecup 2024!
Påmelding, trykk på linken under:
https://www.profixio.com/app/seljecup-2024
Klasser 10-17år: Har åpna for påmelding, sjå link over! Påmeldingsfrist 25.april. Hugs bestill A- eller C-kort ved påmelding. Påmeldingsavgift må betalast før laget er registrert.
Klasser 6-9år "Kongleriket": "Kongleriket" miniputt-turnering avsluttar årets Seljecup og blir arrangert søndag 16.juni frå ca. kl.14.00-18.00. Eigen invitasjon vert sendt ut til klubbar/lag ca. 1.mai. Cupen er gratis for alle lag påmeldt NFF Sogn og Fjordane, avd. Nordfjord 2. Meir info. om Seljecup, sjå cupens heimeside. Påmeldingsfrist "Kongleriket": innan mandag 20.mai