06.08: Vanskeleg bortekamp mot Dale

Postet av Selje IL - Fotball den 6. Aug 2009

Selje startar haustsesongen i 4.div på bortebane mot Dale fredag kveld. Selje får ein svært vanskeleg kamp mot den suverene serieleiaren, og eit knallsterkt heimelag som sjeldan avgjer poeng på Dingemoen....... 

I vårkampen leia Selje 1-0 og såg ut til å klare å hale i land sigeren. Men sekundar før kampslutt, utlikna Dale til 1-1...... Etter dette var Dale suverene i vårsesongen og gjekk frå siger til siger, og leiar 4.div. med 34 poeng. Selje har også hatt ein god vårsesong, og står med 23 poeng og 3.plass på tabellen, eit poeng bak Askvoll/Holmedal. 

Til fredagens kamp manglar fleire sentrale spelarar pga. sommarferie, jobb m.m. Selje stiller difor ein liten tropp til denne kampen. Gledeleg er det at Kristoffer Hove igjen er klar for spel i Selje-drakta, etter å ha spelt for Herd 3.div. i vårsesongen. Heia Selje.........!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.