Akademi nov./des.2016: påmelding sjå info. under, oppstart helga 5.-6.nov..

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Okt 2016

Selje IL inviterer til det andre akademiet i 2016 . Oppstart helga 5.-6.nov. Påmelding sjå info. under....


Til spelarar Selje IL: jenter/gutar 9 - 16 år (f.2007 - 2000)

Invitasjon til fotballakademi haust 2016

Du blir med dette invitert til å delta på Selje IL-Fotball sitt andre akademi i 2016. Akademiet er eit tilbod for å gje våre spelarar eit endå betre aktivitetstilbod. Marko Tanasic blir trenar på akademiet. Marko er tilsett for 2 nye år i Selje IL , som trenar for A-laget og spelar-/trenarutviklar i aldersfastlagde klasser.

Akademiet er eit frivilleg og uavhengig tilbod, utanom dei faste treningane for laget. Målsettinga for akdademiet er at du skal få utvikle deg på desse områda:


  • Teknikkøvingar med ball
  • Koordinasjon
  • Balanse
  • Styrke, turn, stretching
  • Haldningar/korleis bli ein god idrettsutøvar


Aldersfordeling og antal påmelde, vil avgjere korleis treningsgruppene blir samansette.

Kvar: Gym.salen Selje skule

Tid: 1 trening pr. veke a` 1,5 time (oftast laurdag eller søndag). 8-10 økter. Oppstart helga 5.-6.november – fram til nyttår.

Pris: kr.500 pr. spelar. Søskenmoderasjon kr.100 pr. spelar.

Betaling: Innbetaling til Selje IL, kontonr: 3845.07.10374. Betalingsfrist 15.november. Hugs merk med: namn på spelar(ar) + Akademi haust-16

………………………………………………………………………………………………………………………………….………………….

Påmelding til: Selje IL v/Marko Tanasic: skriv på namn + føds.år + mobilnr.

mail: tanasicmarko@yahoo.com eller SMS tlf. 90 93 48 96

Påmeldingsfrist: innan torsdag 3.november!


Velkommen til Selje IL fotballakademi!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.