TIPP OG STØTT SELJE IDRETTSLAG!
Postet av Selje IL - Fotball den 26. Feb 2009

NB! Grasrotandelen går ikkje utover innsatsen eller premien din - du blir ikkje trekt noko for å vere grasrotgjevar.
Selje Idrettslag er registrert i Frivillighetsregisteret, og klar til å motta pengar frå grasrotandelen. Norsk Tipping gjev no 5% av omsetninga direkte til din klubb!
Det finst fleire måter å registrere Selje IL på:
* Du kan gjere det direkte i disken hos tippekommisjonæren
* På Internett, mobilen og speleterminalane. Då søkjer du opp Selje IL, og aktiverar klubben som mottakar av grasrotandelen.
* Du kan oppgje Selje IL sitt organisasjonsnummer 975707474 hos tippekommisjonæren, eller taste det inn om du brukar nokon av dei elektroniske spelmulighetane.
Døme: Tippar du for kr. 100,- og har registrert at Selje IL er din Grasrotmottakar, så vil Norsk Tipping gje kr.5,- tilbake til Selje IL utan at du tapar noko.
Følg med på innsamlinga
Du kan sjølv følgje med på kor mykje ditt lag har klart å generere via Grasrotandelen. Dette kan du finne på www.grasrotandelen.no frå 1.mars. Lag og foreningar som har opparbeida seg bidrag, vil få utbetalt dette 3 gonger i året.
Grasrotandelen og spelemidlane
Norsk Tipping trur Grasrotandelen saman med spelemidlane vil gje meir pengar til idrett, kultur og frivilligheit. Innføringa av grasrotandelen inneber at ein del av Norsk Tipping sine speleinntekter fordelast direkte.
Grasrotandelen kan tilføre Selje IL viktige inntekter. Du kan bidra til at Selje IL kan vedlikehalde og bygge nye anlegg, og gje eit godt idretts- og aktivitetstilbod til barn, ungdom og vaksne i Selje - utan at det kostar deg noko! Dette er vinn - vinn!
Takk for at du støttar Selje IL!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.