24.04: "Risnakken"-prosjektet: sal av trappetrinn
Postet av Selje IL - Fotball den 24. Apr 2009

GJE EI GÅVE TIL ”RISNAKKEN-PROSJEKTET”
Selje IL byggjer trapp/sti til Risnakken. I prosjektet inngår også lys og tre rasteplassar. Det praktiske arbeidet med løypa vart oppstarta i byrjinga av september og er i godt gjenge. Alle er velkomne til å vere med på dugnad framover!
Prosjektet har alt fått stønad frå Gjensidigefondet, Sparebanken Vest og Selje Sanitetsforening. Selje IL har også søkt om tippemidlar til prosjektet.
Vi treng no meir kapital for å realisere prosjektet. Vi utfordrar difor både private og bedrifter til å vere med og støtte dette flotte tiltaket ved å kjøpe trappetrinn. Pris pr. trappetrinn er sett til kr.250,-. Dersom t.d. ein familie kjøper fleire trinn, kan de gjerne skrive namna på kvart familiemedlem som kjøper trinn.
Kjøp trappetrinn og ver med på finansieringa av ”Risnakken-prosjektet”. Det er planlagt ei tavle ved starten av løypa med namn på alle bidragsytarar.
”Risnakken-løypa” vil verte ein ny attraksjon i Seljebygda, og bli til stor nytte og glede både for fastbuande og tilreisande.
Hjarteleg takk for di støtte!
Helsing Selje Idrettslag
- prosjektgruppa-
RISNAKKEN-PROSJEKTET
Kjøp av trappetrinn
........stk. x kr.250,- = sum kr…………….
Selje Idrettslag
Mrk. ”Risnakken-prosjektet”
6740 Selje
Kontonr: 3790.11.20448
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.