17.01: Trenarteamet for A-laget på plass
Postet av Selje IL - Fotball den 17. Jan 2010

Det lysnar for A-laget......trenarteamet med Idar Taklo er på plass!
Selje sitt 4.div.lag har lagt ein tung og vanskeleg periode bak seg. Uventa mange spelarar har dessverre forsvunne i løpet av dei siste par månadane. Selje er dei siste åra blitt vel vande med at mange av spelarane våre er attraktive for andre klubbar. Det viser at klubben jobbar godt, så slik sett er det positivt, sjølv om det aldri er kjekt å miste spelarar som vi treng og hadde rekna med.
Den usikre spelarsituasjonen som oppstod, gjorde også at trenarteamet har stått på ”vent” ei tid. Det har naturleg nok også blitt spekulert i om Selje i det heile kunne greie å stille lag i årets sesong.
Det har vore lagt ned ein stor innsats, der styret og trenarteamet har jobba i lag for å få ting på plass. Det er difor svært gledeleg at vi no kan meddele at situasjonen ser lysare ut med tanke på årets sesong. Det har vore gått nye rundar med spelarstallen, og her er blitt fleire som er villege å bidra for å få dette til. Vi er ikkje i mål, men det lysnar......
Veldig positivt at eit svært solid trenarteam kom på plass for ei god veke sidan: Idar Taklo tek eit nytt år som hovudtrenar. Trond Sætren og Ola Hove blir assistenttrenarar. I teamet rundt laget blir også Rikard Rekdal, John Helge Andersen og Geir-Johnny Årdal.
I prosessen som har pågått rundt A-laget i vinter, konstanterer vi igjen med glede at her er mange i Seljebygda som verkeleg ”brenn” for og bryr seg om klubben sin. I fellesskap ser vi no alle framover og jobbar vidare, slik at laget skal stå best mogeleg rusta til seriestart.........
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.