Barn-Ungdom
Postet av Selje IL - Fotball den 14. Feb 2015
FAIR PLAY - HALDNINGSKONTRAKT
Aldersfastlagde klasser
Fair Play er meir enn gule og raude kort. Fair Play handlar om korleis vi oppfører oss mot kvarandre både på og utanfor bana.
Selje IL vil vere ein FairPlay-klubb og det forpliktar oss på alle nivå. Vi er stolte av at klubben vår er blitt nominert kvart år, og kåra til årets FairPlay-klubb i Sogn og Fjordane både i 2012, 2013, 2015 og 2020. FairPlay-arbeidet tek utgangspunkt i klubbens gjeldande handlingsplan. Ein del av denne planen er forpliktande haldningskontrakter for spelar og trenar/leiar.
Underteikna lovar å følgje klubbens reglar for FairPlay.
_________________________
Stad/dato
_______________________ _____________________ ___________________
Spelar Foreldre/føresett Trenar/lagleiar
(til spelar under 18 år)
Klubben vår SELJE vil arbeide for:
* å skape gode haldningar som forpliktar spelarar, trenarar, leiarar og foreldre/føresette.
* å skape eit godt miljø der fotball og sosialt fellesskap bidreg til å skape tryggleik og trivsel for den einskilde.
* å vere ein sentral aktør i nærmiljøet, for å skape gode oppvekstvilkår for barn og ungdom.
* at alle skal ha ei positiv åtferd og delta positivt i miljøet, slik at alle kan trivast.
* at fotball er for alle – og alle er like verdifulle.
* at eg skal få sjanse til å uvikle meg som spelar gjennom trening/kampar/cupar.
* å skape respekt og forståing for den einskilde sitt behov for å bli akseptert, få ros, føle at ein høyrer til og få tilpassa utfordringar etter eigne føresetnader. TRYGGLEIK + MEISTRING = TRIVSEL
* 0-toleranse mot mobbing, rasisme eller uønska åtferd.
* at Fair Play-kontrakten vert følgd opp som m.a. betyr: seie frå til meg dersom eg bryt punkt i haldingskontrakten - hjelpe/støtte meg når eg treng – evt. sette meg på sidelinja ved regelbrot - evt. snakke med foreldre/føresette.
Eg vil:
* representere Selje IL på ein god måte både på og utanfor bana
* vise respekt for trenar, lagleiar, dommar, motspelar og spelereglane
* vise ansvar og respekt for laget og lagkameratane mine, og bidra til at alle trivast og har det gøy med fotballen
* oppføre meg skikkeleg når eg er på tur, og alltid bruke bilbelte
* møte presis til trening eller kamp, med rett utstyr (inkl. leggskinn)
* ta i mot beskjedar frå trenarar, leiarar og andre på ein fin måte
* rydde etter meg og bruke bosskassene til bosset både heime og borte
* ta godt vare på eige og klubben sitt utstyr
* tenkje meg om slik at eg ikkje seier eller gjer noko som kan såre andre
* ha 0-toleranse og ikkje vere med på mobbing, rasisme eller anna dårleg åtferd
* ha MOT til å seie i frå om nokon vert urettvist handsama
* gje medspelarar positive tilbakemeldingar
* ikkje skrive negativt om klubben, med-/motspelarar, trenar/leiar, dommar eller andre på noko nettstad
* gjere mitt beste for at SELJE skal vere ein god klubb å vere i, og komme på besøk til
"Det handlar om respekt, ikkje sant?"
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.