Info. Deltakingsavgift 2023
Postet av Selje IL - Fotball den 31. Okt 2023
Til aktive og føresette Selje IL:
Deltakingsavgift 2023:
Selje IL har sendt ut faktura for deltakingsavgift 2023, for barn/ungdom 6-17år og senior.
Alle som er med på organiserte tilbod/aktivitetar i regi av Selje IL, må i tillegg til å vere medlem, også betale deltakingsavgift. Samanlikna med dei fleste andre klubbar er det rimeleg å vere med i Selje IL.
Deltakingsavgifta er meint å skulle dekke litt av utgiftene som aktiviteten medfører som til dømes: påmelding lag til serie og cupar, utøvarforsikring, drakter og utstyr, drift av anlegg, dommarutgifter osv.
Selje IL ber om at faktura vert betalt innan fristen, det sparer oss for mykje ekstra arbeid.
Alle barn og unge i Selje IL skal kunne vere med på aktivitet
Vi ynskjer at alle skal kunne delta på tilbod/aktivitetar i Selje IL, uavhengig av privat økonomisk situasjon. Dersom føresette ikkje har anledning til å dekke heile eller deler av deltakingsavgifta, eller treng å dele den opp, så ta kontakt. Føresette til medlemmar under 18 år kan søke.
Har du spørsmål, send ein mail til: post@seljefotball.no. All kontakt blir behandla konfidensielt.
Med vennleg helsing
Selje Idrettslag
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.