Kampoppsett Seljecup 2019, 14.-16.juni
Postet av Selje IL - Fotball den 2. Jun 2019
Velkommen til Seljecup 2019 og 25-årsjubileum!
Det har vore rekordstor påmelding i år, og det er dessverre mange lag som ikkje har fått plass pga. sprengt overnattingskapasitet og/eller kampavvikling. Det deltek nær 160 lag på årets cup. Vi ser fram til ei ny flott fotballhelg i Selje 14.-16.juni og ynskjer alle hjarteleg velkomne.
Det har vore utfordrande å sy saman eit så godt kampoppsett som mogeleg. Det er svært mange omsyn å ta, og eit tettpakka kampprogram både laurdag og søndag. Ta snarast kontakt (helst pr. mail) om du ser feil/manglar, eller du har sterke ynskje om endringar!
Sjå kampoppsett Seljecup 2019, trykk på linken under:
10-14år: Kampoppsett for laurdag kl.8.00-20.30 og søndag kl.8.00-14.00. Revidert pr. 13.06/ Utlagt 02.06.
15-17år: Kampoppsett for fredag 18.00-20.30. Utlagt 02.06.
6-9år: Kampoppsett "Kongleriket" for søndag 14.00/14.30-17.40/18.10. Utlagt 08.06.
https://www.profixio.com/matches/seljecup-2019
10-17år: Kampoppsett er utlagt pr. 02.06, trykk på linken ovanfor.
G10, G11, G12, J10, J11, J12: spelar laurdag og søndag (minus klasse J12). Lokale lag spelar berre laurdag.
G13/14: spelar serie på laurdag, A-/B-sluttspel søndag.
J13/14: spelar serie på laurdag og søndag, avslutning med finale/bronsefinale søndag.
J15/16/17: spelar serie på fredag kveld med start kl.18.00.
Miniklasser 6-9 år: Kampoppsett er utlagt pr. 08.06, trykk på linken ovanfor.
Kongleriket-turnering søndag 16.juni. 77 lag er påmeldt. Kampane blir spelt i tida frå kl.14.00-17.40 for 6-7år, 14.30-18.10 for 8-9år.
G6, G7, J6, J7: Spelar 3ar. Bane 1-6 (kunstgras skulen). Kamptid 2x7min. Ny kamp startar kvart 20.min.
G8, G9, J8, J9: Spelar 5ar. Bane 7-14 (kunstgras stadion). Kamptid 2x10min. Ny kamp startar kvart 25.min.
mvh
Seljecup 2019
Atle Solheim
mail: seljeil@online.no
(tlf. 992 47 687)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.