Kampoppsett Seljecup 2018, 15.-17.juni
Postet av Selje IL - Fotball den 3. Jun 2018
Velkommen til Seljecup 2018!
Det har også i år vore svært god påmelding, med ca. 130 lag. Vi ser fram til ei ny flott fotballhelg i Selje 15.-17.juni.
Det har vore utfordrande å sy saman eit så godt kampoppsett som mogeleg. Det er særs mange omsyn å ta, og eit tettpakka kampprogram både laurdag og søndag. Ta snarast kontakt (helst pr. mail) om du ser feil/manglar, eller du har sterke ynskje om endringar!
Sjå kampoppsett Seljecup 2018, trykk på linken under:
11-14år: Kampoppsett for laurdag kl.8.00-21.00 og søndag kl.8.30-14.00. Utlagt 03.06.
6-10år: Kampoppsett for søndag 14.55-18.10. Utlagt 06.06.
15-17år: Kampoppsettet for fredag 18.00-20.30. Utlagt 11.06.
Les også info. her på sida om kampoppsett og klasser/puljeoppsett.
https://www.profixio.com/match...
11-14år: Kampoppsett er utlagt pr. 03.06, trykk på linken ovanfor.
G11, G12, J11, J12: spelar laurdag og søndag. Lokale/ikkje overnattande lag spelar berre laurdag.
G13: spelar serie på laurdag og søndag, med finale/bronsefinale/5.plass til slutt på søndag.
J13: spelar serie på laurdag, med A og B-sluttspel på søndag.
G14 og J14: spelar serie på laurdag, med finale/bronsefinale til slutt på laurdag.
MINI-KLASSER 6-10 år: Kampoppsett er utlagt pr. 06.06, trykk på linken ovanfor.
"Kongleriket"-turnering avd. Ytre Nordfjord søndag 17.juni: 48 minilag er registrert påmeldt. Kampane blir spelt i tida frå kl.14.55-18.10.
Ut frå påmelding/antal lag har vi sett opp desse klassane: G6/7, G8, G9, G10 og J6/7, J8/9, J10. Vi prøver så langt råd å plassere laga slik at det vert mest mogeleg jevnbyrdig motstand og alder.
15-17 år: status pr. 11.06
J15/16/17: spelar avsluttande seriespel fredag kveld, med start 18.00.
Det ser pr. no ut til at det ikkje blir cup i klasse G15/16/17.
mvh
Seljecup 2018
Atle Solheim
mail: seljecup@online.no
(tlf. 992 47 687)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.