Overnatting Seljecup 2018, 15.-17.juni
Postet av Selje IL - Fotball den 4. Apr 2018
Status pr. 05.04: Vi har framleis ledig kapasitet for overnatting/C-kort, men ikkje vent for lenge.....
Seljecupens overnatting C-kort (må bestillast saman med påmeldinga): Det brukar å vere stor rift om overnattingsplassane til Seljecup. Cupens populære C-kort (kr. 800,- pr. stk) inkluderer alt: overnatting frå fredag til søndag, alle måltid (kvelds fredag, frukost-lunch-middag laurdag, frukost m/nistepakke søndag), cupdiskotek, deltaking, premie m.m. Det løner seg å vere tidleg ute med påmelding av lag og bestilling av C-kort, "først til mølla..."
* Overnattingsstader i Selje sentrum: Selje skule, Selje barnehage, klubbhus og andre lokaler.
* Andre aktuelle overnattingstader (ca.10min frå Selje sentrum): Dei fleste laga ynskjer å bu i sentrum, men vi brukar kvart år å ha overnattande lag også utanfor sentrum.
NB! Vi kan i år tilby nokre lag overnatting til redusert pris på Moldestad grendahus til kr.650,- (150,- i reduksjon) pr. C-kort. Visst du vil nytte deg av dette tilbodet skriv det i påmeldinga/bestillinga di.
Privat overnatting (må bestillast direkte med overnattings-staden):
Nokre alternativ i sentrum: Selje Camp og Hyttesenter, Doktorgarden, Seljevågen Appartement, Hanne-buda.
Å finne privat overnatting i Selje sentrum er ei utfordring for mange når Selje Hotel er ute av drift. Eit tips kan vere å sjekke: Jetmund Gjesteheim eller Kvilehytta på Åheim. Furebuda på Stadlandet.
Selje Turistinformasjon: tlf. 40 44 60 11 eller turistinfo@selje.kommune.no
For meir informasjon om ulike overnattingsalternativ sjå www.nordfjord.no og/eller selje.kommune.no.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.