Årets FairPlay-spelarar 2023, aldersfastlagde lag

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Des 2023

Selje IL har lenge hatt stort fokus på FairPlay. Klubben har vunne FairPlay-prisen fire gonger (2012, 2013, 2015, 2020). Selje IL har ein omfattande handlingsplan som styrer FairPlay-arbeidet. Eit av punkta er haldningskontrakter og kåring av årets FairPlay-spelarar frå 11år og eldre. 

På årsfesten 30.11 vart desse kåra til årets FairPlay-spelar på sitt lag i 2023:

G12: Mathias Aron Kvamme

J12: heile laget (på bilde repr. ved Leah Sofie)

J13/14: Michell Årvik

G13/14: Kasper Hatlenes Åbø

J15/17:Tina Rundereim

G15/17: Rikhardur Daniel Finnsson Maack

Selje IL gratulerer verdige vinnarar!




Årets klubbdommar Selje IL 2023

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Des 2023

Selje IL, Fotball har satsa mykje på dommarutvikling dei siste åra. Det har m.a. vore gjennomført klubbdommarkurs og rekruttdommarkurs. Fleire dommarar har delteke på dommarsamlingar og dømt kampar både for klubb og krets. Evy-Ann Rye Aarseth har vore dommaransvarleg i Selje IL 2023.

På årsfesten vart Sigurd Aam Hamre kåra til årets klubbdommar. Selje IL gratulerer!




Heidersteikn tildelt på kretstinget

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Des 2023

På NFF Sogn og Fjordane kretsting i Førde vart fleire personar i Selje IL heidra med flotte utmerkingar. Erling Åbø og Merete Nerland vart tildelt fotballkretsen sin blå diplom. Atle Solheim vart tildelt Kjosenprisen/eldsjelprisen. 

Selje IL gratulerer!                     




Juletre-sal

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Des 2023

Tradisjonen tru så har Selje IL sal av juletre også i år. Flotte juletre frå Jølster!

Edelgran: kr.550,-

Omorika kr.400,-

Vanleg gran: kr.350,-

Bestillingsliste på Coop Prix eller kontakt Per Jarle Hoddevik tlf. 90762928.  

Sal og utlevering av bestilte juletre v/stadion: 

Fredag 15.12: kl.18.00-20.00

Lørdag 16.12: kl.13.00-15.30

Søndag 17.12 til jul: Kontakt Per Jarle tlf. 90762928 eller Steffen tlf. 41465058