Geir fortset som trenar for damelaget
Postet av Selje IL - Fotball den 22. Des 2025
Selje/Åheim hadde ein sterk sesong i 2025 med 5.plass 3.div. kvinner. Selje IL er veldig glad for at Geir Nielsen vil ta eit nytt år som trenar. Geir har gjort ein viktig og flott jobb for jente- og damefotballen i mange år. Spelarstallen ser ut til å bli ganske identisk med i år, så alt lovar godt for vidare utvikling. Vi gledar oss til ein ny kjekk sesong med damefotball i Selje. 
Idar trenar Selje i 5.div.
Postet av Selje IL - Fotball den 22. Des 2025
Selje hadde ein jubelsesong i 2025 med KM-tittel 6.div. menn og opprykk til 5.div. Selje IL er veldig glad for at Idar Taklo har takka ja til eit nytt år som trenar. Idar har gjort ein fantastisk jobb med laget i ei årrekkje og vil bli med vidare. Det blir ein spennande sesong med fleire nye motstandarar og helgakampar. Klubben satsar på ein ny god sesong, og det ser lyst ut i høve spelarstall og motivasjon for å bidra i 5.div. 
Maj Britt ny styremedlem NFF Sogn og Fjordane
Postet av Selje IL - Fotball den 16. Des 2025
Maj Britt Aam Hamre vart på kretstinget innvalt som nytt medlem i kretsstyret NFF Sogn og Fjordane. Maj Britt har hatt ei svært aktiv rolle i Selje IL ca. 20år. Ho har tidlegare m.a. vore dommar og dommaransvarleg i ei årrekkje. Pr. i dag er ho medlem i Hovudstyret, ansvarleg for klubbhus, speaker på seniorkampar og div. andre oppgåver/tiltak i klubben. Maj Britt fekk tildelt fotballkretsen Blå diplom i 2015.
Selje IL gratulerer og ynskjer lukke til med arbeidet i fotballkretsen!
Sjå også kva fotballkretsen skriv på si nettside: Nytt styremedlem i fotballkretsen - Norges Fotballforbund

Grønt merke til Anne-Britt
Postet av Selje IL - Fotball den 16. Des 2025
NFF Sogn og Fjordane har tildelt Anne-Britt Drabløs Rekdal grønt merke med diplom. Denne høgthengande utmerkinga blir gitt til personar som både har hatt ei aktiv rolle i klubben og fotballkretsen.
Selje IL: Anne-Britt har i over 25år vore svært aktiv i Selje iL gjennom ei rekkje verv, aktivitetar og tiltak. Vi nemner blant anna: 10år medlem Fotballgruppa, 17 år som kontaktperson aldersf.lag og senior, 8 år som dommarkontakt, ansvarleg matkomite Seljecup i 21år, medlem Hovudstyret i 10år. I tillegg aktiv deltakar på div. arrangement, dugnader, inntektsbringande tiltak, kamparrangement osv.
NFF Sogn og Fjordane: 14år som medlem i valkomiteen.
Selje IL gratulerer Anne-Britt - ein verdig vinnar av grønt merke med diplom.

Årets dommar
Postet av Selje IL - Fotball den 16. Des 2025
Selje IL har satsa mykje på dommarutvikling dei siste åra. Det har gitt gode resultat med stor auke i antal klubb- og rekruttdommarar. I 2024 vart Selje iL kåra til årets dommarklubb i NFF Sogn &Fj.
I 2025 har Per Martin Grytting blitt kåra som årets dommar i Selje IL.
Vi gratulerer med velfortent pris! 
Blå diplom til Rita og Therese
Postet av Selje IL - Fotball den 16. Des 2025
Rita Hatlenes og Therese Lien Smenes er begge tildelt NFF Sogn og Fjordane sin blå diplom for langvarig innsats i Selje-fotballen. Begge har i over 10år hatt ei aktiv rolle i Selje IL.
Rita: Fleire år som trenar og kontaktperson for aldersf.lag, medlem Barne-/Ungdomsgruppa, medlem servicekomite Seljecup, ansvarleg drakter aldersf.lag, medarrangør Tine Fotballskule. I tillegg aktiv deltakar på div. andre oppgåver og tiltak.
Therese: Fleire år som trenar og kontaktperson for aldersf.lag, medarrangør Tine Fotballskule, Seljecup. I tillegg aktiv deltakar på div. andre oppgåver og tiltak. Skal også nemnast at Therese har ei aktiv rolle i Selje Challenge og Saltrim.
Selje IL gratulerer med velfortente utmerkingar!

Årets FairPlay-vinnarar
Postet av Selje IL - Fotball den 16. Des 2025
Selje IL har stort fokus på FairPlay. Klubben har vunne NFF Sogn og Fjordane sin FairPlay-pris fire gonger (2012, 2013, 2015, 2020). Selje IL har ein omfattande handlingsplan
som styrer FairPlay-arbeidet. Eit av punkta er haldningskontrakter og kåring av årets FairPlay-spelarar frå 11år og eldre.
Selje IL gratulerer verdige vinnarar som årets FairPlay-spelarar i 2025:
J12: Live Tretteteig Flølo
J13/14: Leah Sofie Venøy Lammedal
J15/17: Tomine Fylling Silden
G13/14: Iver Gunnarson Rundereim
G15/17: Dennis Johansen Kupen
6.div. menn: Jakob Hessevik
3.div. kvinner: Emma Wold Haugland



3.div. kvinner Selje/Åheim: Kåringar 2025
Postet av Selje IL - Fotball den 15. Des 2025
3.div. kvinner Selje/Åheim: Kåringar 2025
Selje IL, fotball har hatt årsfest for seniorlaga. Damelaget enda på ein sterk 5.plass i seriespel 3.dv. Under kan du sjå kva for spelarar som fekk utmerkingar.
Desse spelarane fekk utmerking på årsfesten:

Årets spelar, toppscorar og treningstopp: Guro Lesto Larsen

Årets FairPlay-spelar: Emma Wold Haugland

Årets unge spelar: Michell Årvik

6.div. menn Selje IL: Kåringar 2025
Postet av Selje IL - Fotball den 14. Des 2025
6.div. menn Selje IL: Kåringar 2025
Selje IL, fotball har hatt årsfest for seniorlaga. A-laget har hatt ein jubelsesong med KM-tittel og opprykk til 5.div.
Under kan du sjå kva for spelarar som fekk utmerkingar.
Desse spelarane fekk utmerking på årsfesten:

Årets spelar og årets toppscorar: Kristoffer Rundereim

Årets FairPlay-spelar: Jakob Hessevik

200 obl. kampar: Kristoffer Hove

200 obl. kampar, årets treningstopp: Aleksander Kvernevik

100 obl. kampar: Ingo da Silva

Årets unge spelar: Kasper Hatlenes Åbø

Juletre: bestilling/sal
Postet av Selje IL - Fotball den 26. Nov 2025
Tradisjonen tru så vert det sal av juletre også i år. Flotte juletre frå Jølster!
Edelgran: kr.600,-
Omorika kr.400,-
Vanleg gran: kr.400,-
Bestillingsliste på Coop Prix og MIX.
Kontaktpersonar Selje IL: Per Jarle tlf. 90762928 / Steffen tlf. 41465058
Sal og utlevering av bestilte juletre v/stadion:
Fredag 12.12: kl.18.00-20.00
Lørdag 13.12: kl.14.00-16.00
Søndag 14.12 til jul: Kontakt Per Jarle tlf. 90762928 eller Steffen tlf. 41465058

Info. deltakingsavgifter 2025
Postet av Selje IL - Fotball den 24. Nov 2025
Til aktive og føresette Selje IL:
Deltakingsavgift 2025:
Selje IL sender ut faktura for deltakingsavgift 2025, for barn/ungdom 6-17år og senior.
Alle som er med på organiserte tilbod/aktivitetar i regi av Selje IL, må i tillegg til å vere medlem, også betale deltakingsavgift. Samanlikna med dei fleste andre klubbar er det rimeleg å vere med i Selje IL. Deltakingsavgifta er den same som i fjor og har vore uendra sidan 2022.
Deltakingsavgifta er meint å skulle dekke litt av utgiftene som aktiviteten medfører som til dømes: påmelding lag til serie og cupar, utøvarforsikring, drakter og utstyr, drift av anlegg, dommarutgifter osv.
Selje IL ber om at faktura vert betalt innan fristen, det sparer oss for mykje ekstra arbeid.
Alle barn og unge i Selje IL skal kunne vere med på aktivitet
Vi ynskjer at alle skal kunne delta på tilbod/aktivitetar i Selje IL, uavhengig av privat økonomisk situasjon. Dersom føresette ikkje har anledning til å dekke heile eller deler av deltakingsavgifta, eller treng å dele den opp, så ta kontakt. Føresette til medlemmar under 18 år kan søke.
Har du spørsmål, send ein mail til: post@seljefotball.no. All kontakt blir behandla konfidensielt.
Med vennleg helsing
Selje Idrettslag
Årsfest tysdag 9.desember
Postet av Selje IL - Fotball den 24. Nov 2025
Selje IL-fotball og B/U-gruppa inviterer til Årsfest for aldersfastlagde lag og turn, tysdag 9.desember på klubbhuset:
* Lag 6-10år: 17.30-19.00
* Lag 11-17år: 19.15-21.00
KM-finale G13/14, lør.25.10 kl.16.00, Selje-Bjørn/Hafslo
Postet av Selje IL - Fotball den 22. Okt 2025
Velkommen til KM-finale G13/14. Kom og støtt laget vårt!
G13/14 vann avdeling 4 (9ar) etter ein strålande sesong og spelar sluttspel om KM-tittel.
Kamp 1 lør. 18.10: Bjørn/Hafslo - Askvoll/Holmedal 2 : 1 - 6
Kamp 2 lør. 25.10: Selje - Bjørn/Hafslo :
Kamp 3 lør. 01.11: Askvoll/Holmedal 2 - Selje :

Fredag 17.10,kl.19: Selje/Åheim-Sogndal 1
Postet av Selje IL - Fotball den 13. Okt 2025
Årets siste kamp for damelaget vårt er:
fredag 17.10, kl.19.00: Selje/Åheim-Sogndal1
Møt opp og støtt laget! Velkommen på kamp!

Selje/Åheim jublar etter 6-2 seier på bortebane mot Sandane 03.10. Foto: haugenfotball
Sluttspel 6.div: Selje-Tempo, Eid Idrettspark SØNDAG 12.10 kl.17.00
Postet av Selje IL - Fotball den 30. Sep 2025
AVLYST KAMP 04.10 PGA. VÆRFORHOLD OG KANSELLERTE FERJER. FOTBALLKRETSEN HAR BESTEMT AT SLUTTSPELET DÅ VERT EIN KAMP PÅ NØYTRAL BANE.
EID IDRETTSPARK SØNDAG 12.10 KL.17.00.
KOM PÅ KAMP OG STØTT LAGET VÅRT!
Velkommen på sluttspel-kamp 6.div. lørdag 04.10 kl.15.00, Selje-Tempo.
Selje IL støttar RosaSløyfe og har vedteke å gje alle billettinntekter på kampen til RosaSløyfe-aksjonen.
Vel møtt! Kom og støtt laget vårt!

Lagbilde etter seier 6-2 mot Stryn2 16.09,og avdelingsmesterskap var sikra (foto: haugenfotball)
Følgjande klubbar er kvalifisert å delta i sluttspel 6.div:
• Selje IL
• Tempo FK
• Sogndal 3
• Dale 2
KAMPOPPSETT:
Kamp 1: Selje IL -Tempo FK – laurdag 4 okt kl 15.00. AVLYST / UTGÅR
Kamp 2: Dale 2 – Sogndal 3 – søndag 05 okt kl 14.00
Kamp 3: Selje IL – Tempo FK søndag 12 okt kl 17.00, Eid Idrettspark
Kamp 4: Sogndal 3 - Dale 2 – søndag 12 okt kl 14.00
Kamp 5: Finalekamp 1 – Søndag 19 okt kl 14.00
Kamp 6: Finalekamp 2 – Laurdag 25 okt kl 14.00
(Trekning om kven som spelar heime først)
Begge finalelaga rykkjer opp til 5 divisjon
Samanlagtvinnar blir kretsmeister
Flott Tine fotballskule!
Postet av Selje IL - Fotball den 18. Sep 2025

Årets fotballskule vart arrangert for 21.år på rad lørdag-søndag 6.-7.september. Det vart ei flott fotballhelg med heile 70 spelarar som deltok. Selje IL takkar trenarar og alle andre som var med og gjorde dette til eit kjekt og vellukka arrangement.








3.div. kvinner Selje/Åheim
Postet av Selje IL - Fotball den 18. Sep 2025
Gjenståande heimekampar for Selje/Åheim 3.div. kvinner:
fredag 19.09 kl.19.00: Selje/Åheim-Førde2
fredag 17.10 kl.19.00: Selje/Åheim-Sogndal1
Møt opp og støtt laget! Velkommen på kamp!

Selje vann 6.div avd.4
Postet av Selje IL - Fotball den 18. Sep 2025

(Bilde 09.09, etter seier 4-1 mot Loen/Vikane på heimebane)
Selje sitt A-lag har gjennomført ein strålande sesong. Etter seier 6-2 på bortebane mot Stryn2 kan vi gratulere laget som vinnar 6.div. avdeling 4.
Sjå artiklar på Fjordenes Tidende etter kampen:
https://www.fjt.no/sport/i/47alke/fjt-no-sitt-sportsstudio?pinnedEntry=591005
Før KM-finalespel gjenstår desse kampane:
tysdag 23.09 kl.19.00: Selje-Måløy2
tysdag 30.09 kl.19.00: Haugen-Selje
INVITASJON: Tine Fotballskule 2025, lør-søn 6.-7.september
Postet av Selje IL - Fotball den 26. Aug 2025
Selje IL arrangerer i år Tine Fotballskule for 21.gong :
- lørdag 6.september kl.11.00-15.00
- søndag 7.september kl.11.00-15.00.
- Påmeldingsfrist seinast innan onsdag 3.september til: Monica Austring: maustring@yahoo.no eller tlf. 41146774. Sjå informasjon, prisar og invitasjon, trykk på linken under: Invitasjon Tine Fotballskule 2025.
- Betaling ved påmelding/på førehand til Selje IL konto 3845.07.10374 eller Vipps nr. 106986. Betalingsfrist innan onsdag 03.09. NB! Merk innbetaling med Tine fotballskule + namn!
Vi ynskjer alle hjarteleg velkommen til fotballskulen vår!
Sjå invitasjon og info., trykk på linken under:
Invitasjon Tine Fotballskule 2025.jpg

Alle barn og unge i Selje IL skal kunne vere med på aktivitet
Vi ynskjer at alle skal kunne delta på våre aktivitetar uavhengig av privat økonomisk situasjon. Selje IL har difor oppretta eit inkluderings-/rekrutteringsfond. Dersom føresette ikkje har anledning til å betale det aktivitetar kostar, så ta kontakt. Føresette til medlemmar under 18 år kan søke. Har du spørsmål eller vil søke om fritak, send ein mail til: post@seljefotball.no. All kontakt blir behandla konfidensielt
Kampar Selje IL, seriespel HAUST-sesong 2025
Postet av Selje IL - Fotball den 18. Aug 2025
Link til kampar alle lag Selje IL, seriespel HAUST-SESONG 2025:
6.div. menn Selje: 6 div avd 4 2025 - Norges Fotballforbund
3.div. kvinner Selje/Åheim: Kvinner 3 div 2025 - Norges Fotballforbund
J10 Selje: J 10 avd 3 2025 - Norges Fotballforbund
J12 Selje: J 12 avd 5 Haust 2025 - Norges Fotballforbund
J13/14 Stadlandet/Selje: J 13/14 9ar avd 3 2025 - Norges Fotballforbund
J15/17 Selje: J 15/17 9 ar avd 2 2025 - Norges Fotballforbund
G11 Flatraket/Selje: G 11 avd 5 2025 - Norges Fotballforbund
G12 Selje/Flatraket: G 12 Avd 4 - HAUST-7ar 2025 - Norges Fotballforbund
G13/14 Selje: G 13/14 9 ar - avd 4 2025 - Norges Fotballforbund
G15/17 Selje/Stadlandet/Åheim: G 15/ 17 2 divisjon avd 3 2025 - Norges Fotballforbund
3.div. kvinner: Selje/Åheim
Postet av Selje IL - Fotball den 18. Aug 2025
Selje/Åheim starta haustsesongen godt med å vinne 4-3 på bortebane mot Gaular.
Neste kamp er Eid - Selje/Åheim fre. 29.08.
Fyrste haustskampen på heimebane er fre. 05.09 kl.19.00, Selje/Åheim - Måløy.

6.div. menn: Selje-Eid2, tys. 19.08 kl.19.00
Postet av Selje IL - Fotball den 18. Aug 2025
Velkommen til oppstart haustssesong med heimekamp mot Eid2 tysdag 19.08 kl.19.00.
Chatlet Sport1: klubbkveld tysdag 27.05 frå kl.17.30
Postet av Selje IL - Fotball den 25. Mai 2025
CHATLET: Klubbkveld på Selje Idrettspark
TYSDAG 27.mai frå kl. 17.30-20.30
Chatlet Sport1 Nordfjordeid kjem til Selje Idrettspark tysdag 27.mai. Her blir det salg/bestilling av klubbtøy og UMBRO-varer til ekstra gode rabattar. Kamp 6.div. Selje-Stryn2 kl.19.00.
https://issuu.com/chatleteid/docs/selje_il_klubbkveld_2025
3.div. kvinner: Selje/Åheim-Sandane man.16.06 kl.19.00
Postet av Selje IL - Fotball den 8. Mai 2025

Velkommen til heimekamp 3.div. kvinner mandag 16.06 kl.19.00:
Selje/Åheim - Sandane
6.div. menn: Selje-Haugen, tys.10.06 kl.19.00
Postet av Selje IL - Fotball den 5. Mai 2025

Velkommen til ny heimekamp 6.div. menn, tysdag 10.06 kl.19.00:
Selje-Haugen
Sjå kampprogram her på sida, under fliken Kamp.
(foto: Stig Høines/haugenfotball)
3.div. kvinner: Selje/Åheim-Gaular søn.27.04 kl.15.00
Postet av Selje IL - Fotball den 26. Apr 2025

Velkommen til seriestart 3.div. kvinner søndag 27.04 kl.15.00:
Selje/Åheim-Gaular.
Kampprogram: trykk på fliken Kamp øverst her på sida.
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
Postet av Selje IL - Fotball den 24. Apr 2025
Link til kampar alle lag Selje IL, seriespel VÅR-SESONG 2025:
6.div. menn Selje: 6 div avd 4 2025 - Norges Fotballforbund
3.div. kvinner Selje/Åheim: Kvinner 3 div 2025 - Norges Fotballforbund
J10 Selje: J 10 avd 3 2025 - Norges Fotballforbund
J12 Selje: J 12 avd 3 2025 - Norges Fotballforbund
J13/14 Stadlandet/Selje: J 13/14 9ar avd 3 2025 - Norges Fotballforbund
J15/17 Selje: J 15/17 9 ar avd 2 2025 - Norges Fotballforbund
G11 Flatraket/Selje: G 11 avd 5 2025 - Norges Fotballforbund
G12 Selje/Flatraket: G 12 Avd 4 - 7ar 2025 - Norges Fotballforbund
G13/14 Selje: G 13/14 9 ar - avd 4 2025 - Norges Fotballforbund
G15/17 Selje/Stadlandet/Åheim: G 15/ 17 2 divisjon avd 3 2025 - Norges Fotballforbund
Gåvemidlar til flomlysanlegg
Postet av Selje IL - Fotball den 22. Jan 2025
Mandag kveld arrangerte Vestland Idrettskrets og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gåveutdeling i høve prosjekt "Straumsmarte idrettsanlegg". Samlinga var på Sandane der mottakarar av midlar deltok.

Selje IL takkar Vestland Idrettskrets / Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane for gåvesjekk på 154.900 til nytt flomlysanlegg på stadion. (foto: Stig Roger Eide)
Anlegget vart bygd i 2003 i samband med etablering av kunstgrasbane: 6 lysmaster med 5 lyskastarar a 1000W. Det har vore mange rundar opp gjennom åra med utskifting av lyspærer og vedlikehald av anlegget. Høgt straumforbruk, dårleg lyskvalitet og eit utslitt anlegg gjorde at tida var komt for rehabilitering. Selje IL fekk utarbeida tilstandsrapport frå el.firma hausten 2023. Konklusjonen var at lysanlegget må skiftast ut. Selje IL gjorde så vedtak om rehabilitering lysanlegg og sende inn spelemiddelsøknad.
Selje IL søkte så støtte til tiltaket frå prosjekt «Straumsmarte idrettsanlegg». Når søknaden vart innvilga er det ei svært god hjelp for å finansiere anlegget. I tillegg vil det etter kvart komme spelemidlar og mva.refusjon.
Led-lys armaturar og lysstyring er kjøpt inn. Avtale om montering er inngått med Sætren Installasjon AS. Arbeidet blir etter planen utført i løpet av eit par veker.
Vi gledar oss til nytt lysanlegg på Selje Idrettspark.