26.08: 3.div. Selje avgjorde i sluttminutta mot Sandane

Postet av Selje IL - Fotball den 26. Aug 2006

Selje tok 3 nye poeng i dag etter 2-1 siger over Sandane på bortebane. Det såg ut til å gå mot 1-0 tap, men to raske scoringar mot slutten snudde kampen.

Kampen starta på verst tenkjeleg vis for Selje. Etter å ha teke avspark og spelt ballen tilbake på bana, snappa ein Sandanespelar ballen etter ein gedigen forsvarstabbe og trilla ballen forbi Seljekeeper Losnegård før 1 minutt var spelt.

Dette vart ein dårleg fotballkamp, der prestasjonane ute på bana var langt under pari, sjølv om Selje etter kvart pressa på for utlikning. Det var berre 5 minutt igjen av ordinær tid og det såg ut til å gå mot eit forsmedeleg 1-0 tap, og fyrste Sandanesiger i år. Då fekk Selje straffe, som Frode Nøstdal sette sikkert i mål. Og berre minuttet etter var Werner Kupen frampå igjen og sette inn 2-1. Werner Kupen som vart skada i forrige kamp, kom likevel inn mot slutten av kampen og var eit friskt pust på ein grå dag der berre poenga gleda. Dessverre var denne kampen den siste for Werner i  år, då han no skal operere skuldra der han vart skada i vinter.

 1-0 1min. Bjarte Skaaden

1-1  85min Frode Nøstdal (straffe)

1-2  86min  Werner Kupen

Firdastjerna gjekk til: Frode Nøstdal

Gule kort Selje: Kristoffer Hove og Kai Arne Otneim. Må sone neste kamp.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

    


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.