08.12: Selje vart best i Nordfjord i junior vinterserien!

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Des 2006

Etter ein imponerande 4-2 siger mot Eid i kveld, er Selje vinnar av Nordfjordavdelinga i junior vinterserien. Stillinga var 3-1 ved pause. Vi gratulerer gutane med ein kjempeprestasjon!

Det var knytta stor spenning til den avsluttande runden i junior vinterserien i kveld. Både Eid, TMFK og Selje kunne gå til topps i Nordfjordavdelinga. TMFK og Sandane spelte uavgjort 2-2 på Eid Idrettspark, og dermed vart det Selje som stakk av med fyrsteplassen etter sigeren over Eid.

Seljes startoppstilling: Andreas Kvernevik, Trond Eirik Kupen, Martin Hove, Rikard Rekdal, Sindre Jørgensen, Per Egil Flataker, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Endre Kupen, Håvard Nyheim, Karl Erik Aarsheim. Innbyttarar: Espen Sandviknes, Vidar Hagen, Lasse Marius Honningsvåg, Ole Andreas Årvik, Thomas Jørgensen.

Selje starta forrykande i kveldens kamp og trykte på framover. Berre etter 2 minutts spel var det klart for 1-0 til heimelaget. Ole Andreas Solheim fann Endre Kupen på eit langt framspel, som kjippa ballen sikkert over keeper og i mål. Etter 12 minutt gjekk Selje opp til 2-0. Endre Kupen sende avgårde eit skot, som gjekk innom Eidspelar og sjølvmål. Kampen levde utover omgangen, Eid hadde ballen mest men det var Selje som igjen scora. Endre Kupen fekk ballen på sida av 16 meteren, og finta og tråkla seg inn i feltet, før han sende avgarde ein markkrypar med venstrefoten som small i stolpen og inn etter 30 minutt.. Fantastisk scoring! 

Resten av omgangen var Eid klart best. Dei fekk betre og betre kontroll og spelet glei veldig bra, medan Seljespelarane vart springande i mellom. Etter 34 minutt reduserte Eid til 3-1 etter scoring av Kristian Kongsvoll.

I pausen justerte Selje litt på laget og fekk mykje betre kontroll i starten av omgangen. Eid kunne fått utteljing på sjansar men Seljekeeper Andreas Kvernevik stod ein prikkfri kamp og Seljeforsvaret rydda unna. Men etter 69 minutt får Eid lagt inn frå sida og framfor mål headar Thomas Starheim inn redusering til 3-2. I perioden etterpå lever kampen skikkeleg, og kunne bikka i Eid sin favør. Men igjen er det Selje som får utteljing. Endre Kupen set fart framover inn i 16 meteren til Eid, og blir felt. Kupen tek straffa sjølv og set sikkert inn sitt tredje for dagen etter 75 minutt.. Då er kampen i realiteten avgjort og Selje styrer greitt inn 4-2 sigeren.

Stor stemning etter kampen då sluttresultatet frå TMFK-Sandane vart opplyst av speaker Odd L. Drabløs. Seljeropet runga over stadion. Ein kjempeprestasjon av juniorlaget til Selje. Kven hadde trudd det etter å ha tapt 5-1 mot TMFK i fyrste kamp?

Juniorlaget til Selje er ei flott blanding av spelarar fødd 88/89/90/91. Kjekt er det også at dette har vore eit lag også for spelarar frå Stadlandet og Flatraket, sjølv om dei fleste er Seljespelarar. Vi takkar alle spelarane for flott innsats!!!!

Her er lista på dei 25 spelarane som har delteke på Selje sitt juniorlag i vinterserien med antal kampar  (Berre 4 kampar er spelt, då Selje-Bremanger ikkje vart spelt): 

Karl Erik Aarsheim 3, Rikard Rekdal 4,  Thomas Jørgensen 3, Kjell Omar Åhjem 2, Håvard Nyheim 4, Per Egil Flataker (Flatraket) 4, Jørn Tore Sande (Stadlandet) 1, Sindre Jørgensen 4, Trond Eirik Kupen 4, Tor Are Årvik 3, Martin Hove 4, Endre Kupen 4, Kennet Honningsvåg 4, Vidar Hagen 4, Øystein Austring 1, Alexander Hove 1, Lasse Marius Honningsvåg (Stadlandet) 1, Ole Andreas Solheim 4, Andreas Kvernevik 4, Saron Osmundsvåg 1, Anders D. Rekdal 1, Kai-Sindre Moldestad 2, Espen Sandviknes (Stadlandet) 1, Runar T. Aarsheim (Stadlandet) 1, Ole Andreas Årvik (Stadlandet) 1.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.