20.05: 4.div: Selje vann 1-0 mot Lærdal

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Mai 2007

Selje vann 1-0 mot Lærdal på heimebane i dag, etter 0-0 ved pause. Selje var best etter pause og vann alt i alt ein fortent siger.

Selje var friske dei fyrste 10 minutta av kampen, men utan å få utteljing. Etter kvart kom Lærdal sterkare, og var farlegast frampå resten av omgangen i litt medvind. Spesielt dødballar og legg frå kanten skapte problem for heimelaget. Selje hadde eit par store sjansar mot slutten av omgangen. Endre Kupen burde fått straffe etter å ha blitt skubba overende innanfor 16 meteren, men dommaren vinka spelet vidare. Selje skulle scora rett før pause, då Ole Andreas Solheim hadde den største sjansen i omgangen. Etter eit flott Seljeangrep og legg inn for mål, smelte han ballen over tverrliggaren frå fem meters hold. 

Andre omgang vart betre for Selje sin del. Ballen vart spelt meir langs bakken og mykje av spelet føregjekk på Lærdal sin halvdel. Spesielt Gaute Otnes skapte bry for Lærdal, når han kom fram på eit av sine mange raids frå backen.

Endre Kupen scora det einaste målet i kampen etter 65 min. Han skar inn frå venstrekanten og smelte av garde eit skot frå ca. 20 meter. Skotet sneia innom ein Lærdalforsvarar, og smatt inn i hjørnet til stor jubel for heimelaget.

Fleire scoringar vart det ikkje, og Selje kunne juble for tre nye poeng på heimebane.

Seljes lagoppstilling: Tom-Øyvind Solheim, Gaute Otnes, Frode Nøstdal, Espen Nøstdal, Kristoffer Hove, Kennet Honningsvåg, Runar T. Aarsheim, Jon-Aage Riksfjord, Werner Kupen, Ole Andreas Solheim, Endre Kupen

Benytta reservar: Runar Nøstdal (88min for Runar T. Aarsheim), Atle Riksfjord (90min for Jon-Aage Riksfjord) 

Dagens Seljespelar: Gaute Otnes

Gule kort: Endre Kupen, Jon-Aage + 2 til Lærdal

Dommar: Ole Jacob Endestad

Ass.dommarar: Mohammet Barlla, Alf-Tore Tvendeseter

Observatør: Svein Erik Hagen 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.