01.06: 4.div. Selje-Hornindal 3-1

Postet av Selje IL - Fotball den 1. Jun 2007

Den store helten i kveld, Andre Kupen, vert gratulert av eleville Selje-spelarar. (Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no)
Selje tok sin tredje strake seier i 4.div. i kveld. Hornindal vart sendt heim med 3-1 tap, etter 1-0 til heimelaget ved pause. Selje varta opp med flott angrepsfotball i store deler av 1.omgang. Men sigeren sat langt inne, og det var berre få minutt igjen av kampen, då dagens Seljehelt Andre Kupen vart matchvinnar.

 

Selje opna forrykande og skapte fleire sjansar i starten av kampen etter flott angrepsfotball. Fleire av angrepa var som teke rett ut av læreboka..... Dei kjappe og tekniske Seljespelarane var i periodar gode offensivt, og høgreback Gaute Otnes var stadig med framover og skapte vanskar for gjestane. 

Selje var klart best i 1.omgang, og leia 1-0 til pause etter at Jon-Aage Riksfjord heada innlegget frå Ole Andreas Solheim sikkert i mål etter 25min. Men Hornindal var farleg frampå nokre gonger og kunne fått utteljing. Men hellet var ikkje med Hornindal, i tillegg til solid keeperspel av Tom-Øyvind Solheim.

Hornindal utlikna til 1-1 i starten av 2.omgang. Selje klarte ikkje å halde oppe same trykket og spelet som laget hadde vist før pause, og Hornindal kom til nokre farlege avslutningar. Men etter kvart begynte Selje å skape sjansar igjen og overtok meir og meir av spelet. Spenninga heldt seg for Selje fekk ikkje utteljing.

Losna gjorde det ikkje før på slutten av kampen, då Andre Kupen kom inn for ein skada Endre Kupen. Etter 86min vart Andre spelt igjennom og scora sikkert, og dermed 2-1 til Selje. Men kampen var ikkje slutt. Andre nådde høgast på eit innlegg på bakerste stolpe, og heada inn 3-1 via stolpen etter 91 min., til stor jubel frå eit entusiastisk heimepublikum.

Andre som har vore ute i lengre tid etter den stygge skaden i kampen mot Vik, vart dagens Seljehelt med sine to scoringar.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Gaute Otnes, Espen Nøstdal, Peter Bergesen, Kristoffer Hove, Ole Andreas Solheim, Runar Aarsheim, Kennet Honningsvåg, Endre Kupen, Werner Kupen, Jon-Aage Riksfjord.

Benytta reservar: Martin Hove og Andre Kupen

1-0    25min    Jon Aage Riksfjord

1-1    46min

2-1    86min    Andre Kupen

3-1    91min    Andre Kupen

Dagens Seljespelar: Gaute Otnes og Runar Aarsheim  


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.