30.06: Selje avslutta vårsesongen med 4-3 seier mot Førde 2

Postet av Selje IL - Fotball den 1. Jul 2007

Selje tok ein viktig 4-3 seier mot Førde 2 i dag, etter 3-2 til heimelaget ved pause. Ein god og underhaldande kamp på Selje Idrettspark. 

Selje var svært lystne på å avslutte vårsesongen med ein trepoengar i dag, etter tap i dei to siste kampane mot Sandane og Skavøypoll. Selje stilte med eit sterkare lag enn sist helg, der både Ken Olav Kupen, Andre Kupen og Peter Bergesen var tilbake igjen. Det vart ein god og underhaldande kamp, der publikum kosa seg i det fine sommarveret.

Heimelaget starta kampen best og kom i føringa alt etter 13 min. Kristoffer Hove scora for Selje. Førde 2 kom etter kvart betre med, og utlikna etter 25min. I ein god Seljeperiode mot slutten av omgangen, scora heimelaget to mål. Andre Kupen, som var tilbake til dagens kamp, heada inn 2-1 etter 35min. Dagens flottaste scoring kom etter 38min. Endre Kupen, som var banens beste spelar i dag, sende Selje opp i 3-1 leiing med ei flott scoring frå skrått hald. Men det skulle gå berre to minutt, før Førde 2 igjen reduserte, og dermed 3-2 til pause.

Selje styrte starten av 2.omgang. Det var difor fortent då den tredje av "Kupen-brothers", Ken Olav, sende heimelaget oppi 4-2 leiing. Førearbeidet til scoringa var av ypperste merke. Endre Kupen dribla langs sidelinja på venstresida, trilla ball i hatt med fleire Førdespelarar, før han slo eit perfekt innlegg til Ken Olav på bakerste stolpe. Flott scoring!

Selje såg ut til å ha full kontroll, men utover omgangen slepte dei Førde 2 inn i kampen igjen. Førde 2 var farleg frampå fleire gonger, og gjorde avslutninga i overkant spennande for eit entusiastisk heimepublikum. I det 45min i andre omgang rota Seljeforsvaret det til, og Førde 2 reduserte til 4-3. Med litt hell kunne Førde 2 utlikna på overtid på eit par farlege dødballar.

Heimelaget jubla då dommar Torstein Kvam bles av kampen, og tre fortente poeng var sikra. Selje sitt unge 4.div.lag har hatt ein god vårsesong, og kan ta sommarferie med på 3.plass på tabellen.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Gaute Otnes, Frode Nøstdal, Peter Bergesen, Henrik Aarsheim, Kennet Honningsvåg, Ole Andreas Solheim, Kristoffer Hove, Endre Kupen, Andre Kupen, Ken Olav Kupen.

Benytta reservar: Runar Nøstdal, Martin Hove, Anders D. Rekdal

Dagens Seljespelar: Endre Kupen


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.