12.10: Storsiger til Selje i serieavslutninga

Postet av Selje IL - Fotball den 12. Okt 2008

Selje gjorde jobben og vel så det mot Stryn, i årets siste kamp i Firdaligaen. Men Skavøypoll greidde uavgjort mot Sogndal 2, og dermed rykkar Selje ned i 4.divisjon.....Etter ein jamn 1.omgang leia Selje 2-1. Selje var i leiing gjennom heile kampen, og på slutten vart det årets målkalas for Selje og 9-3 siger.....

Det var duka for ei thrilleravslutning i nedrykksstriden i Firdaligaen. Selje måtte vinne og Skavøypoll måtte tape, om Selje skulle ha håp om å kapre 11.plassen.

Selje fekk ei pangopning på kampen mot Stryn. Alt etter 4 minutt scora Selje, etter eit velplassert skot av Jan Runar Trandal frå 17-18meter. Men Stryn heldt nesten på å utlikne berre minuttet seinare, og Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim måtte ut i full strekk. Han fekk slått det harde skotet frå 16meteren i stanga og ut.

Neste store sjanse i kampen hadde Selje etter 15min. Werner Kupen knallla ballen i utsida av stolpen, etter eit innlegg mot bakerste stolpe. Stryn hadde ein god målsjanse etter 30min, då Asbjørn Tenden heada hardt mot hjørnet. Men Tom-Øyvind Solheim var igjen nede og redda. Etter 35min ny stor Strynsjanse, då eit skot small i stolpen og ut.

Laga gjekk til pause med 2-1 leiing til Selje, i ein jamn omgang der Stryn like godt kunne vore i føringa.

Selje starta best i 2.omgang. I det 52min skaut Jan Runar Trandal frå 16meteren, men rett på Odd Helge Losnegaard. Eit minutt seinare avslutta Kristoffer Hove eit godt Seljeangrep, men skotet gjekk like over tverrliggaren. I det 55min scora Jan Runar Trandal sitt andre mål for dagen, med eit skot frå 10meter, etter gjennomspel av Werner Kupen. Men Seljehåpet som var tent skulle ikkje vare lenge, for i det 58min reduserte Stryn til 3-2 ved Jon Terje Tjellhaug, som sende eit frispark frå ca. 25meter rett i mål.

Etter 66min heldt Stryn på å utlikne, då eit skot frå 16 meter small i tverrliggaren og over. Men det var igjen Selje som fekk utteljing eitt minutt seinare. Ole Andreas Solheim fekk ballen inne i målfeltet litt skrått på 7-8meter, og lobba elegant over Losnegaard i Strynmålet, og dermed 4-2 til heimelaget.

Selje tende igjen håpet om å passere Skavøypoll, for Sogndal 2 leia no 2-1. Etter 81 minutt ny heimejubel. Werner Kupen scora igjen åleine med keeper, etter assist frå Jan Runar Trandal. Men gleda vart igjen kortvarig, for Firdaligaen sin toppscorar Asbjørn Tenden scora, og dermed 5-3.

Det som skjedde dei siste ca. 10minutta av kampen, var nesten som ein måtte gni seg i augene for å tru var sant. Selje pøsa på framover og scora heile fire gonger! Werner Kupen scora sitt tredje etter 87min igjen åleine med keeper, og Trond Hamre etter 88min. Werner Kupen sette inn sitt fjerde mål for dagen, og la på til 8-3 etter 90 min. Runar Aarsheim sette punktum, med ei heading på eit innlegg på bakerste stolpe etter 93minutt.

Dermed vann Selje heile 9-3 i ei dramatisk avslutning av Firdaligaen. Selje var ei stund forbi Skavøypoll på tabellen mot slutten av kampen, men 5 minutt før slutt utlikna Skavøypoll til 2-2. Dermed beheld Skavøpoll 11.plass og får spele 3.divisjon også neste sesong, dersom Førde greier å rykke opp til 2.div.

Selje må dermed ta den tunge vegen ned i 4.divisjon. Men laget gjekk i alle fall ned med "stil" etter ei fantastisk avslutning av sesongen, som gav publikum full valuta for inngangsbilletten. Takk til vårt trufaste og flotte heimepublikum som har støtta heilhjerta opp om laget, i medgang og motgang i år! 107 tilskodarar hadde funne vegen til stadion i dag, trass tidleg kampstart og surt haustver.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Frode Nøstdal, Andre Kupen, Peter Bergesen, Joachim Refvik, Jan Runar Trandal, Kristoffer Hove (Trond Hamre frå 79.min), Runar T. Aarsheim, Kennet Honningsvåg, Ole Andreas Solheim, Werner Kupen.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Jan Runar Trandal

 

 

 

 

Firdastjerna: Werner Kupen  

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.