31.05: Selje-Syril 2-0

Postet av Selje IL - Fotball den 31. Mai 2009

Selje vann i dag 2-0 på heimebane mot Syril, etter to scoringar i fyrste omgang..........Les under og sjå referat/bilder på www.haugenfotball.no

Foto: ©Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Selje vann etter to flotte scoringar av Ole Andreas Solheim i det 37. og 43.min.   

Seljetrenar Idar Taklo var glad etter seieren i dag. "Alt i alt synest eg vi vinn fortent, sjølv om Syril var godt med i kampen. Det måtte gjerast store endringar både i forsvarsrekka og angrep fordi vi mangla spelarar. Eg er imponert over kor godt dei nye som kom inn løyste oppgåvene sine, bl.a. Saron Osmundsvåg på back. Dette var igjen ein stor lagseier. Eg vil likevel gje eit ekstra pluss til tomålsscorar Ole Andreas og Frode på midtbana", seier Idar Taklo. 

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Andreas Teigen, Runar Nøstdal, Espen Nøstdal, Saron Osmundsvåg, Runar T. Aarsheim (Anders D. Rekdal etter 73min), Frode Nøstdal, Kristoffer Nøstdal, Aleksander Kvernevik, Ole Andreas Solheim, Joachim Refvik.

Andre reservar: Alexander Hove, Joachim L. Træet

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Ole Andreas Solheim

Publikum: 129

Stig Høynes dekka kampen, så i dag nøyer vi oss med å vise vi til referat og bilder på www.haugenfotball.no    

Foto: ©Stig Høynes, www.haugenfotball.no


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.